A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

OPPSTARTEN PÅ SFO

Dei første vekene på SFO etter sommarferien har gått kjempefint. 1. klassingane har funne seg godt til rette, og me er blitt godt kjende med dei.

Mykje fint ver har gjort att me har våre mykje på ettermiddagane, og den nye klatreparken har blitt flittigt brukt.

4. klassingane har starta med eigen klubb på fredagane, den har dei bestemt skal heite FKC (fjerde klasse clubben). Kvar fredag kjem 4. klassingane til å ha ulike aktivitetar, som dei har fått valgt sjølve. Ting dei har føreslege er: sløydaktivitetar, fotballspelturnering, sjå film, lage teater og m.m.

Dei dagane me har våre inne på SFO har me teikna, perla, spelt spel, bygd me klossar og lego, rolleleik og høyrt lydbok.

No held me på med hausttre som skal opp på veggen, alle teiknar og klypp ut handa si i haustfargar og limer på trestammen.

To dagar med varmmat har me hatt, første dagen vart det servert heimelaga kjøttkaker og potetstappe, og i går vart det servert tomatsuppe og makaroni. Torsdagar vert det servert knekkebrød, kavring og polarbrød.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS