A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

SFO

sol

GOD SOMMAR

2017-06-15

SOMMARFERIE

Hugs fristen for påmelding til SFO i sommarferien som er fredag 19. mai.

2017-05-11
påskebilder2[1]

PÅSKEFERIE

Då nærmar påskeferien seg, og dei som skal vera på SFO har fått heim ein oversikt over kva ungar og vaksne som skal vera her i påsken.

Hugs å gje beskjed om de ikkje nyttar dykk av SFO i ferien, eller kjem seinare enn tidspunktet som er oppsett.

Ynskjer alle ein god påske.

2017-04-06

Byteklede.

Mykje vèr om dagen,  fint om dei som er på SFO på ettermiddagen har ekstra byteklede med seg.

Og kom gjerna innom å ta ein sjekk i garderoben.

2017-03-16
Kaffiduo_lightbox_image[1]

FORELDREKAFFI

Foreldrekaffi på SFO i dag, frå kl1430-1545.

Håpar mange har moglegheit til å kome innom :-)

2017-03-09
20170220_114611

VINTERFERIE

Fem fine dagar på SFO i vinterferien med ulike aktivitetar både inne og ute. Me hadde turar rundt i Gaupne, aking og grilling ved 4H hytta og tur til  Heggmyrane der me aka og leika i skibakken.

 

 

 

2017-03-02

Desember

Ein måned med litt juleaktivitetar, hemmelegheitar og  masse kos.

4. klasseklubben har våre på kjøken å laga risbollar som dei skal spandere på alle på SFO fredag. Så då vert det film og risbollar.

Siste skuledagen før juleferien byrjar SFO kl 1200, så då vert det taco til lunsj.

Dei som har meldt seg på i juleferien har fått heim lister med kven som skal vera på SFO i ferien og litt praktisk info.

2016-12-15
haust 2016 090

HAUSTEN PÅ SFO

Me har hatt ein fin haust her på SFO. Me var mykje ute tidlegare i haust, då gjekk det mykje i fotball og klatring i den nye klatreparken.

Dei siste veken har me våre inne på ettermiddagane. Mykje frileik, handarbeid, teikning, perling, lydbok, speling og hopp og sprett i aulane.

Me har i felleskap laga vennskapstre som me har hengt opp inne på SFO, alle har laga handa si og limt opp på trestamme.

Fredagane har 4. klassingane eigen "klubb". Dei har sjølve kome med forslag på navn på "klubben", som vart FKC, og dei har våre med å bestemme kva aktivitetar dei skal ha. Til no har det våre karaoke, laga sjøvportrett, matlaging og leik i aulaen.

2016-11-17

VISMA

Om de skal gje beskjed til oss på SFO må de nytta mobiltelefonen me har, enten ringe eller sms på tlfnr. 91 30 18 41. Visma til SFO er ikkje teken i bruk enda.

2016-11-17

BYTEKLEDE

Dei som er på SFO må ha med seg ekstra byteklede, både inne og uteklede.

2016-11-17
Powered by CustomPublish AS