A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Framside

Program 2019

17. mai

Tradisjonen i bygda er at det er tog etter gudstenesta i kyrkja. Festgudstenesta byrjar i Gaupne kyrkje kl. 11.30. Elevane skal møte opp utanfor kyrkja seinast kl. 12.20. Dei skal stille opp og gå klassevis saman med lærar/klassekontakt i toget. Dei som deltek på gudstenesta saman med foreldra sine, går ut og stiller opp når denne er ferdig. Alle klassefanene vert frakta felles opp til kyrkja på føremiddagen. Ruta er som følgjer: Ned kyrkjereina, forbi barnehagen og ned til krysset ved Årskog, Øyagata til krysset ved Rådhuset (stogg med musikkinnslag ved omsorgssenteret), forbi Gaupnetunet, bort til skulen og derifrå på gangvegen bort til idrettshallen.

Festprogrammet startar kl. 14.00. Etter at me har sunge «Ja, vil elsker» som allsong, er det elevane ved Gaupne skule sin tur til å opptre. Dei skal framføre skal eit barnepotpurri og «Det går eit festtog gjennom landet». Elevane skal møte opp ved scena. 7. klasse stiller seg opp bakerst, med ryggen til scena, så vert det ei ny rekke pr. klasse. 1. klassingane står fremst mot publikum. Etter at songprogrammet er gjennomført, overtek foreldra igjen ansvaret for sine eigne

Det er obligatorisk at alle elevar har med seg flagg i toget og under fellessongen.

 

 

Med ynskje om ei flott feiring!

 

 

Linda Øvregard Røhme, rektor

2019-05-13
guttorm helgoy

Ope foreldremøte

Tysdag 5. februar inviterer Luster kommune alle føresette i grunnskulen til ope foreldremøte i aulaen på Gaupne skule frå kl. 18 til 19.15.

Guttorm Helgøy frå Gangstø ressurssenter i Fjell kommune er føredragshaldar. 

Tema:

  • Kva er mobbing?
  • Kva former for mobbing finnest?
  • Kva ansvar har skule og heim for å bekjempe mobbing?

Etter det opne møtet, er det klasseforeldremøte i alle klassar ved skulen frå kl. 19.15 til 20.30. Tema er sosiale medium og spel.

 

Vel møtt!

2019-02-01
Plakat, elev

MOBBEOMBOD

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Frå august 2018 er mobbeombodet i Sogn og Fjordane eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen. Mobbeombodet i Sogn og Fjordane heiter Aina Drage. Ho rettleiar i saker som handlar om psykososialt miljø, barnet sine rettar og korleis du kan gå fram om du ikkje har det bra. Mobbeombodet har teieplikt.

 

Alle kan ta kontakt med mobbeombodet; på telefon 91 87 90 92 eller på e-post Aina.Drage@sfj.no Du kan følgje ombodet på Facebook (www.facebook.com/Mobbeombodet i Sogn og Fjordane).

 

Du kan lese meir om ombodet og kva ho kan hjelpe deg med på www.sfj.no/mobbeombodet

2018-09-03
Powered by CustomPublish AS