A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Samarbeid med heimen

Info frå felles foreldremøte 05.09.17

Presentasjonen som vart gått gjennom på foreldremøtet, finn de her

Informasjonsskriv til føresette i skulane i Luster kommune om § 9a i opplæringslova, finn de her

 

2017-10-22

Visma Flyt Skole

Rettleiing til foreldrepålogging i Visma flyt skole, finn de her.

2016-09-02

Storforeldremøte 30.08.16

Her finn de nokre stikkord frå det som vart gjennomgått på foreldremøtet.

2016-09-02
Print

FORELDREUTVALGET FOR GRUNNOPPLÆRINGEN (FUG)

FUG har svært gode nettsider som kan vere til nytte for alle som er foreldre til elevar i grunnskulen.

http://www.fug.no

2014-02-18

Samarbeid heim-skule

 

Skulen ynskjer eit tett samarbeid med føresette som er tufta på likeverd og respekt for kvarandre. Det er viktig at ein kommuniserer godt begge vegar. Dersom det skulle oppstå vanskar, vil tidleg og felles innsats som regel løyse problemet.
 
Alle elevane får utdelt leksemappe i starten av skuleåret. Det er viktig at foreldra held seg oppdaterte ved å sjå i den. Elevane får vekeplan kvar veke og bolkplan m/bolkinfo kvar sjette veke. På desse planane vil ein i tillegg til timeplan, vekemål og lekser, også få informasjon om t.d. turar, konsertar og andre planlagde aktivitetar. Fellesskriv vil bli kopiert opp i eitt eksemplar til kvar heim, sjølv om ein har fleire born ved skulen. Skrivet vert då delt ut til det yngste barnet dykkar.
 
Når foreldra til eleven ikkje bur saman, sender me heim informasjon til den av foreldra som har det daglege ansvaret. Dersom begge ynskjer informasjon, kan dei gje melding til kontaktlærar om dette.
 
Føresette skal i utgangspunktet nytte meldingsbok til meldingar, men det er og mogeleg å ringe forkontoret (57 68 57 40). Ein kan og sende SMS til barnet sin kontaktlærar, men det kan då ta litt tid før meldinga vert lese. Dersom eleven er sjuk er det ynskjeleg at de ringer/sender sms /gir beskjed om dette til skulen. Fråvær skal alltid skrivast i meldingsbok, rett etter at eleven er kommen på skulen att. Dette gjeld sjølv om føresette har ringt til skulen og sagt frå om at barnet vert heime.
 
Foreldremøte
Alle klassar har foreldremøte i byrjinga av skuleåret. Då går lærarane i klassen gjennom mellom anna felles reglar og ordensreglement, klassen sine reglar og rutinar, «Dette forventar skulen av deg», korleis ein arbeider med læringsmiljø i klassen, elevane sine rettar i høve til Opplæringslova §9a, skulen sine satsingsområde, Olweus årshjul og drøftar foreldresamarbeidet i klassen. 1., 2., 4. og 6.klasse har val av klassekontakt og vara for denne. Desse to er tillitsvalde i klassen og har som oppgåve å vera felles kontaktledd mellom foreldre og lærar/ skule. Klassekontaktane i 1. klasse er vald for eitt år, dei andre for to.
 
I veke 7 er det alltid storforeldremøte på Gaupne skule. Alle heimane får skriftleg innkalling med svarslipp i god tid på førehand. Møtet vert starta med ein gjennomgang av resultatet på årets Olweus-trivselsundersøking, deretter vert det presentasjon av eit tema som vert utgangspunkt for eit gruppearbeid. Gruppene er inndelte på førehand, og ein tek omsyn til at alle klassar skal vere representerte på kvar gruppe. Erfaringa har vore at diskusjonane på gruppene har vore svært fruktbare, og skulen har fått mange gode innspel.
 
17.mai-komitè
 I Gaupne er det foreldra til 6.klasse som er heile bygda sin 17.maikomitè. Dei plar ha sitt fyrste møte i overgangen februar/mars, og ein frå førre års komitè plar vere til stades for å gi den informasjonen som trengs. Overskotet går til 6.klassen si reisekasse, turen til Bergen i 7.klasse.
 
 
 Utviklingssamtalar
To gonger i året vert føresette invitert til utviklingssamtale/foreldresamtale saman med kontaktlærar. Eleven kan vere med på heile eller deler av samtalen. Ein går gjennom eleven si mappe og eleven si faglege og sosiale utvikling. Ein set i fellesskap opp mål for vidare utvikling.
 
 
2016-03-02
Powered by CustomPublish AS