A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Ny rektor og inspektør ved Luster ungdomsskule

Mona Bukve (t.v.) og Kristin Vee er tilsette som høvesvis inspektør og rektor ved Luster Ungdomsskule.

dreamteam.jpg

Kristin Vee er tilsett som ny rektor ved Luster ungdomsskule frå 1. august 2016. Inneverande skuleår har Vee hatt stillinga som assisterande rektor ved skulen. Vee har elles ein brei utdannings- og praksisbakgrunn. Ho er utdanna lærar, har hovudfag i pedagogikk og har vore rektor ved Kvam skule i Molde, leiar av PPT og undervist på både høgskule og ungdomsskulenivå.  

Mona Kristin Bukve er tilsett som ny inspektør ved Luster ungdomsskule frå 1. august 2016. Bukve har lang erfaring som lærar ved Luster ungdomsskule. Også Bukve har ein brei utdanningsbakgrunn med mellom anna norsk, matematikk, KRLE og spesialpedagogikk i fagkrinsen. I tillegg har Bukve gjennomført vidareutdanning om skuleleiing, den såkalla rektorskulen. 

Administrasjonen og alle dei tilsette ved LUS vonar at både elevar og føresette har hatt ein god sumar og at ny motivasjon for læring er på plass!
Det neste skuleåret er det mykje spanande som skjer ved LUS med blant anna "Ungdomstrinn i utvikling" og mykje nytt på det digitale område.

Velkomen til eit nytt skuleår på LUS!

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS