A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Turtagrø

Fotoutstilling på Turtagrø

For andre år på rad presenterer elevar frå Gaupne skule og Jostedal oppvekstsenter bilete på ei utandørs fotoutstilling på Turtagrø. Utstillinga vart opna under Fjellfilmfestivalen fredag 06.09.13. Bileta er resultat av eit fotoprosjekt skuleåret 2013-14, der Bjørnar Bjørhusdal og Frank Smedegård vart leigd inn for å ha fotokurs med dei eldste elevane. Dette vart dekka av midlar frå Naturarvprosjektet i Luster. Elevane har lært svært mykje, og me oppmodar flest mogeleg om å ta seg ein tur opp for å sjå på bileta. Dei vert ståande ute eit par veker til.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS