A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

LUS er ein god stad å være og lære

Eitt skuleår er snart over

I dag har 10. trinn munnleg eksamen. Lærarane har førebudd seg godt i lag med elevane og eg er imponert over omsorg og struktur i opplegg.

Nokre har alt fått karakter og er svært nøgde, andre kjenner dei kunne gjort det betre. Slik vil det vere. Men lærelyst vidare i livet og det å setje seg eigne mål er det viktigaste.

No er snart eit skuleår omme. Det fyrste året mitt på LUS. Eg gler meg til kvar skuledag og ser fram til nytt skuleår allereie.

Det er mykje som skjer siste vekene, i dag er 8. trinn på bretur i Jostedalen. I nydeleg natur. Luster er ein vakker kommune. Legg ved bilete teke i dag av 8. trinn.

Eg vil med dette gratulere alle elevane med vel gjennomført skuleår og ynskje alle familiane god sommar og god ferie.

Beste helsing Kristin

 

jostedalen2
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS