A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Barnehage

bygdakafè

Bygdakafè

Mykje folk var fredag samla til bygdakafè på Indre Hafslo oppvekstsenter. Her kunne ein kjøpa seg kaffi, kaker og sveler laga av 5.,6. og 7.klasse , og så kunne ein slå av ein prat med kjende og ukjende. 1.-4. klasse stod for underhaldninga denne dagen, og dei underheldt med både dans og song. Det er so kjekt at me må bera inn fleire stolar og bord på kafèdagen, for det viser at folk veit å setje pris på bygdakafèen. Så takk til alle som deltok på kafèen på fredag!

2018-10-10
kaffikopp

Velkommen til bygdakafè

Fredag 5.oktober kl.11.00 - 13.00 inviterar me til bygdakafè på Indre Hafslo oppvekstsenter. Det blir sal av kaffi, kaker og saft. 1.-4.klasse vil ha underhaldning ca kl.12.00. Så velkommen til ei koseleg stund på Indre Hafslo. Helsing 5.,6. og 7.klasse.

2018-09-29

Velkommen til foreldremøte

Tysdag 18.september inviterer me alle førsette til foreldremøte på oppvekstsenteret. Foreldremøte for dei som har born i barnehagen startar kl.17.30. For dei som har elevar i 1. og 2.klasse blir det klasseforeldremøte kl. 18.00. Det blir felles møte for alle frå kl. 18.30 til 19.30. 3 og 4.klasse, 5.,6. og 7.klasse vil ha klasseforeldremøte frå kl. 19.30.

 

2018-09-03

Fjelltur

Tysdag den 4.september blir det fjelltur for alle elevane på skulen og borna på skuleklubben. Turen går til Navarsete, Heggdalen og Heggdalsvatnet. (Engjadalen) Me avpassar turen etter borna, så dei minste går nok berre til Navarsete eller Heggdalen. Me reiser frå skulen klokka 9.00 og er tilbake til skuleslutt.

2018-08-31
jonsok1

Besteforeldredag

I dag har me hatt aktivitetsdag med besteforeldre/reservebesteforeldre. Me delte oss i tre grupper; blomsterplukking, matgruppe og ei gruppe i skogen. Me samlast att i barnehagen og gjekk deretter i jonsoktog til skulen. På skulen var det dekka til mat. Det vart servert rømmegraut, plomesuppe, spekemat frå Nortura og saft frå Lærum. Dette fordi me i år har jobba med temaet "Livet på garden og husdyr". Matgruppa serverte til slutt kaffi og nydelege kaker. Ein flott dag for både ungar og besteforeldre. Det ligg bilete frå besteforeldredagen under bileta til barnehagen.

2018-06-22
kaffikopp

Velkommen til bygdakafè

Torsdag den 12.april kl.11.00 til 13.00 inviterar me til bygdakafè på Indre Hafslo oppvekstsenter. Det blir sal av kaffi, kaker og saft. Barnehagen vil underhalde. 1. til 4.klasse har i mange veker øvd på ulike dansar, og desse vil dei også visa på kafèen. Så velkommen til ei koseleg stund  på Indre Hafslo oppvekstsenter.

2018-04-05
IMG_2705[1]

Snøen kom tilbake

Så då nytta me tiden til å lage snømenn og skulpturar. Dei vart fine og fargerike. Kanskje var dette siste snøkastet i år:) Vil du sjå fleire bilet kan du sjå under fana bilete.

2018-04-05
påskelunsj 1

God påske

Me bilete frå eit flott påskelunsjbord vil me ynskje elevar, føresette og tilsette ei god påske!

2018-03-26

Markering av verdens Downs syndrom dag

Onsdag den 21.mars ynskjer me å markere verdens Downs syndrom dag. For å markere dagen og syne at me alle er ulike så håpar me at, både barn og vaksne, denne dagen tek på seg ulike sokkar. 

Den første Downs syndrom dagen vart halden den 21.mars 2006. Datoen peikar på kromosonpar 21 som ved Downs syndrom har eit ekstra tillegg. Over heile verda blir dagen nytta til feiring og opplysning.

2018-03-19
Powered by CustomPublish AS