A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

SFO

sfo vår 2015 052

VEKE 11

Mykje flott påskepynt vert laga på SFO om dagen, nokon lagar masse medan andre ikkje ynskjer å laga noko. Me har sagt det er frivillig å lage påskepynt.

Onsdag, torsdag og fredag denne veka hadde me med oss 9. klasse elevar frå ungdomskulen i Gaupne, veldig kjekt å ha besøk, god hjelp og kjekt å ha dei med på fotballbana.

Veka vart avslutta med spagetti og kjøttsaus, og frileik inne og ute.

2015-03-17

SOMMARFERIE

Det er no komen forandring i vekene det er feriestengt på SFO i sammarferien. Det er flytta ei veke fram, so nå er det feriestengt veke 29,30 og 31.

 

2015-03-10

FOTORAMME

Nye bilete er komen på den digitale fotoramma vår på SFO. Står i garderoben til 1. klasse. Håpar de tek dykk litt tid å ser på bileta. Litt frå aktivitetar på SFO, inne og ute, og litt frå vinterferien.

2015-03-10

VEKE 10

Denne veka har me vore ein del inne, dei som har villa har fått vore ute. No når kunstgrasbana er snøfri vert den masse brukt. Onsdag hadde Linn Terese som er utplaseingselev på skulen, fysisk aktivitet med ungane på SFO. Dei spelte fotball, 2. og 4. klasse mot 1. og 3. klasse.

Fredag var me aulaen å hadde felles leik etter at me hadde ete tomatsuppe, makaroni og scones.

Me har starta med litt påskeaktivitetar, som me sender med ungane heim når påske nærmar seg.

God helg frå oss på SFO:)

2015-03-06

VINTERFERIEN

Fire fine dagar på SFO i vinterferien. Veka starta med tur med buss til Heggmyrane. Ein flott dag på Heggmyrane med aking i bakken og pølsegrilling. Supert påskevèr med sol frå skyfri himmel.

Resten av veka har det vore noko ustabilt vèr, så då ha me vore på SFO. Baking, pizzalaging, måling, laga sprellemenn og masse frileik er noko av det me har dreve med desse dagane. Litt uteaktivitetar og gåtur i bygda innimellom regnbygene.

 

2015-02-24

VINTERFERIE

Hugs frist for innlevering av påmelding til SFO i vinterferien.

Har ein ikkje levert innan fredag 30. 01 vert det rekna som fri.

2015-01-27

VEKE 4

Endå ei veke med mykje innetid på SFO, hardt, glatt og stengte haugar har gjort at me ikkje har vore noko ute på ettermiddagane.

Masse fin inneleik, og konstruksjonsleikene ZOOB er kjempepopulært blandt mange gutar for tida. Det vert bygd bilar, fly, robotar og mykje anna.

Me har litt utfordring med lydnivået rundt matbordet, dette gjeld spesiellt dei dagane det ikkje er leksehjelp og me har rundt 40 ungar. Me har jobba ein god del med å få det rolegare i matøktene, fint om de kan snakke om dette heime og.

Fredag fekk me servert spagetti og kjøttsaus, fin avslutting på endå ei fin veke her på SFO.

2015-01-27
Vinter 1415 026

VEKE 3

Mykje dårleg vèr og masse blaute klede har gjort at me har vore inne på ettermiddagen denne veka.

Me prøver å sende med heim blaute kleder, men fint om de kan ta ein sjekk av og til.

Me fortsett med strikking, og nokon er vorte ferdige med uglene sine. Dei har fått plass på lerkgreina vår ilag med perla og veva ugler.

Onsdag hadde me besøk av to jenter frå ungdomskulen. Me skal ha med oss elevar frå ungdomskulen onsdagar vårhalvåret og.

Fredag fekk me servert heimelaga pizza med grov botn.

Ein tur i aulaen og leka har me hatt tid til denne veka, "maureleiken" og "zombileiken".

2015-01-20
strikke

Januar

Då var me komen godt i gang med det nye året på SFO.

Ruske ver har gjort at me har vore ein del inne, masse blaute klede etter skuledagen.

Me har byrja med strikking på SFO, kjempekjekt. Me prøver oss på ugler.  

Sjakk er veldig populært hos gutane for tida, mange flinke spelara.

Fredag fekk me servert fiskebollar i kvit saus, potet og raspa gulrot.

2015-01-13

GOD JUL OG GODT NYTT ÅR!

Me på SFO vil ynskje alle ei riktig god jul og eit godt nytt år:)

2014-12-18
Powered by CustomPublish AS