A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

4. kl

QUIZLET

No har eg lagt inn glosar for veke 38. Dette er litt seint, men frå neste veke ligg det ute frå måndag morgon :) 

Håpar dette gjer øvinga lettare for ungane. 

2015-09-16

Bursdag blome

Kunst og håndverk

Her har 3. og 4. klasse laga kvar sin blome med namnet sitt og bursdagsdatoen sin på. Dei heng i klasserommet om de ynksjer å sjå på dei. 

2015-09-08
brennesteinane_500x281

Fjelltur til Brennesteinane!

I går (torsdag) var heile skulen + Skuleklubben i barnehagen på flott fjelltur til Brennesteinane. Me gjekk heile vegen frå skulen og opp i skinande sol frå skyfri himmel! Flott turver, og god stemning blandt både ungar og vaksne gjorde turen veldig kjekk! :-)

2015-08-24
solformørking_500x337

Solformørking

På fredag var det solformørking, og det markerte elevar og vaksne med Luster oppvekstsenter. Studentane våre hadde laga eit kreativt undervisningsopplegg der elevane fekk læra om kva som eigentleg skjedde. Me var ute på fotballbana og delte elevane i grupper som skulle visa sola, jorda og månen sin posisjon i forhold til kvarandre under solformørkinga. Sidan det var eit tungt skydekke over Luster fekk me ikkje studera sola noko nærare, men ungane la merke til at det vart mørkare og kaldare, ja so mørkt at fuglane stoppa å kvitra for ei lita stund. Artig og lærerik oppleving!

2015-03-22

Quizlet

Glosar veke 23

2018-06-03
Powered by CustomPublish AS