A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

SFO

koronaviruset

Stengt oppvekstsenter

Heile oppvekstsenteret, inkludert samfunnsbygg med gym.sal, er stengt med verknad frå og med 12.mars 2020 kl.18.00 til og med 13.april (eller lengre). Årsak: å hindre smitte av koronaviruset Covid-19.

2020-03-24
pizzabollar_450x300

PIZZABOLLESAL!

Torsdag 15.mars sel 7.klasse pizzabollar! Kr. 15,- for ein bolle, og maks to stk. per elev :)

2018-03-14
foreldremøte

Temamøte for føresette torsdag 20.april

Psykisk helse og nettvét står på dagsorden når FAU og oppvekstsenter ber inn til foreldremøte torsdag 20.april 2017 kl.18.00.

2017-04-19
fotball

SFO i ny drakt

Sidan sommaren 2016 har sfo vore under oppgradering. 3.januar var arbeidet ferdig, og sfo sto klar til å møte elevane i ny og lys drakt!

2017-01-05
Visma

VISMA Flyt Skole

Viser til foreldremøte 6.september 2016 og e-post frå meg 26.august 2016. Me har teke i bruk elektronisk kommunikasjon mellom skule-heim. Logg inn på

Visma Flyt Skole

Dette må du gjere første gong du er inne:

  • Samtykke til bruk av elektronisk kommunikasjon
  • Samtykkeskjema pr.elev (4 spørsmål)
  • Leggje inn korrekt kontaktinformasjon om deg sjølv under "Foresatte"
  • Noter deg telefonnummeret som du kan sende meldingar til
2016-09-07

Foreldremøte SFO måndag 12.september kl.17.45

Det blir foreldremøte på sfo melling klasseforeldremøtet til 1.-2.klasse og 3.-4.klasse måndag 12.september. Sjå eiga innkalling (kjem snart)!

2016-09-05

Fredag 17.juni og SFO-tilbod

Grunna to lengre skuledagar i vår den 12.04 og 02.05, vil me ha siste skuledag torsdag 16.juni 2016.

Dersom de har bruk for SFO-plass fredag 17.juni, må de gje skulen melding

innan måndag 6.juni.

Me vil gjere dykk merksame på at kjernetida vår er frå kl. 10.00 – 14.00.

Dei lappane me ikkje får inn til fristen, vert rekna som fri. Alle får med seg lapp heim onsdag 1.juni.

2016-06-01

Foreldremøte Luster oppvekstsenter tysdag 12.april

FAU og oppvekstsenteret inviterar til foreldremøte for Indre Hafslo og Luster på Luster oppvekstsenter tysdag 12.april kl.18.00. Jostein Bildøy frå Barnevakten kjem for å snakke om temaet "Korleis kan eg engasjere meg i barn og unge sin mediekvardag?". Bildøy vil vere på skulane om dagen og førelese for elevane våre (samt skuleklubben). Det blir derfor utvida skuledag til kl.14.40. Skulebussen reiser kl.14.45.

Invitasjon

Barnevakten_invitasjon_Luster_Indrehafslo_oppvekstsenter.pdf

2016-04-11

Nytt frå administrasjonen

Vår visjon:

Luster oppvekstsenter - ein god stad å vere, leike og lære.

VISMA FLYT SKOLE

Foreldreoppgåver 2019-20

2019-11-25
Pizzasal

Pizzasal

7.klasse sparar pengar til skuletur våren 2016. Dei vil derfor ha sal av PIZZA/pizzabolle fredag 20.november, samt desse datoane framover: 11.desember, 8.januar, 29.januar, 12.februar (ev.26.februar i staden), 4.mars, 18.mars, 1.april, 22.april.

Pris: kr.15,-

Viktig: Ikkje la elevane ha med meir pengar enn dei treng. Viss ein elev IKKJE har med pengar, men har lyst til å kjøpe, kan eleven IKKJE låne vekk pengar til eller låne pengar frå andre.

2015-11-15
Powered by CustomPublish AS