Solformørking
På fredag var det solformørking, og det markerte elevar og vaksne med Luster oppvekstsenter. Studentane våre hadde laga eit kreativt undervisningsopplegg der elevane fekk læra om kva som eigentleg skjedde. Me var ute på fotballbana og delte elevane i grupper som skulle visa sola, jorda og månen sin posisjon i forhold til kvarandre under solformørkinga. Sidan det var eit tungt skydekke over Luster fekk me ikkje studera sola noko nærare, men ungane la merke til at det vart mørkare og kaldare, ja so mørkt at fuglane stoppa å kvitra for ei lita stund. Artig og lærerik oppleving!