A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
17

17. mai feiring i Gaupne

Program for 17. mai feiringa i Gaupne

08.00 Flaggheising

11.30 Festgudsteneste i Gaupne kyrkje

12.30 Folketog frå kyrkja til idrettshallen

14.00 Festprogram i idrettshallen:

  • Song av skuleungane ved Gaupne Skule

  • Tale for dagen

  • Innslag frå Landsfestivalen 2016

  • Allsong: "Ja, vi elsker dette landet"

  • Korpskonsert

  • Allsong: "Norge i rødt, hvitt og blått

  • Utdeling av blomar og premiering

Leikar, konkurransar og sal av mat under heile arrangementet

Informasjon til elevar og føresette:

Elevane skal møte opp utanfor kyrkja seinast kl. 12.20. Dei skal stille opp og gå klassevis saman med lærar/klassekontakt i toget. Dei som deltek på gudstenesta saman med foreldra sine, går ut og stiller opp når denne er ferdig. Alle klassefanene vert frakta felles opp til kyrkja på føremiddagen. Ruta er som følgjer: Ned kyrkjereina, forbi barnehagen og ned til krysset ved Årskog, Øyagata til krysset ved Rådhuset (stogg med musikkinnslag ved omsorgssenteret), forbi Gaupnetunet, bort til skulen og derifrå på gangvegen bort til idrettshallen.

Når ein kjem til idrettshallen, stiller klassane seg opp utanfor og syng «Ja, vi elsker».

Festprogrammet startar kl. 14.00. Det byrjar med at alle elevane ved Gaupne skule skal framføre dei songane dei øvde inn til «Skulane sin songdag» Elevane skal møte opp ved inngangen til idrettshallen, og stille seg opp saman med den personen som held klassefana deira. Så marsjerer dei fram til scena. 7. klasse stiller seg opp bakerst, med ryggen til scena, så vert det ei ny rekke pr. klasse. 1. klassingane står fremst mot publikum. Dette vil me øve på før helga. Etter at songprogrammet er gjennomført, overtek foreldra igjen ansvaret for sine eigneJ

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS