A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Fin haust på SFO

Vi har hatt ein fin oppstart på SFO denne hausten. Det er 8 barn som er på SFO om ettermiddagen, og vi kosar oss mykje i lag. Fordi veret har vore så bra, så har vi vore mykje ute. Det er kjekt for store og små.

på jakt i fjøra_400x300
På jakt etter skattar i fjøra

I haust har vi vore mykje ute i sandkassa og i ballbingen, i tillegg til at vi har vore i fjøra og plukka materiale til formingsaktivitetar som vi skal jobba med ut over hausten. Vi har plukka steinar, tang og tare og andre skattar vi har funne.

slapper av i fjøra_400x300
Deilig å slappa av litt!

Det er og godt og slappa av på ein solvarm stein etter ein lang skuledag.

leik på hemsen_400x300
Ivrig leik på hemsen

Nokre dagar har vi og vore inne, og då har borna leika, spelt spel, bygd lego, teikna og av og til får dei vera på data. Det er kejkt å vera på SFO!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS