4. kl
Skøytedag
Me vil gjerne nytte den fine skøyteisen som har lagt seg på Hafslo, og planlegg ein skøytedag for elevane i veke 3.
Alle treng:
- Skøyter
- Hjelm (ski- eller sykkelhjelm)
- Varme kle
- Nok mat og drikke
- Sitjeunderlag
Nærare informasjon kjem! Sjå også e-post fredag 15.januar.
Nytt frå administrasjonen
2021-10-08Pizzasal
7.klasse sparar pengar til skuletur våren 2016. Dei vil derfor ha sal av PIZZA/pizzabolle fredag 20.november, samt desse datoane framover: 11.desember, 8.januar, 29.januar, 12.februar (ev.26.februar i staden), 4.mars, 18.mars, 1.april, 22.april.
Pris: kr.15,-
Viktig: Ikkje la elevane ha med meir pengar enn dei treng. Viss ein elev IKKJE har med pengar, men har lyst til å kjøpe, kan eleven IKKJE låne vekk pengar til eller låne pengar frå andre.
MORGONSAMLING FREDAG 13. NOVEMBER
3. og 4. klasse vil ynskje velkomen til morgonsamling i gymsalen fredag den 13/11 kl. 08.30.
Vel møtt!!
Morgonsamling, fredag 30.oktober
På fredag vert det morgonsamling igjen. Denne gongen er det mellomsteget som skal stå for programmet, og me ynskjer alle velkomne til å starta dagen saman me oss!
Fredag, kl.0830 i gymsalen.
FORUT kafè torsdag 29. oktober 2015 kl.13-15
Torsdag den 29. oktober blir det FORUT kafè på skulen/ i samfunnsbygget frå kl. 13.00-15.00. Det vert sal av lodd, pølser, kaker og kaffi.
Underhaldning kl. 13.45.
Håpar de som foreldre, besteforeldre og andre kjende for borna har høve til å stikke innom ein tur :-)
SYMJING I GAUPNE
Me er i gong med symjing igjen. 1-4 klasse kjem til å ha symjing i veker med partal. Fyrste symjinga blir kommande måndag 26. oktober.
Hugs badeklede.
SKULEBUSSEN
Kvar onsdag kjem ikkje skulebussen å hentar elevane før kl. 13.05, då dette er vanleg rutebuss. Dette kjem til å vare fram til 12. desember 2015. Elevane er på skulen medan dei ventar.
GOD HAUSTFERIE!
Dei fyrste 7 vekene av skuleåret har gått undå i ein rasande fart, og no har elevane fortent ei veke ferie. Ynskjer alle ein god haustferie!
MORGONSAMLING FREDAG 02.OKTOBER 2015
3. og 4. klasse vil ynskje velkommen til morgonsamling kommande fredag kl. 08.30 i gymsalen.
Kjekt om foreldre tek turen for å sjå på dei flinke ungane sine.