Tilbod om leksehjelp
Leksehjelpa er eit frivilleg tilbod som elevar i 4.-7 .klasse og 8.-10. kl. kan melde seg på. Tilbodet starta i veke 34, for 4. - 7. kl. måndag og onsdag og for ungdomsskulen onsdag. Instruks for leksehjelp.docx.pdf
Rutinar for leksehjelpa:
- Elevane jobbar med lekser som ligg på arbeidsplanen.
- Dersom eleven er ferdig med lekser som står på arbeidsplanen, og den vaksne har sett det, kan eleven reise frå leksehjelpa eller lese i ei bok.
- Elevar som ikkje er motiverte for å gjere det dei skal på leksehjelpa, bør forlate skulen.
- Elevar som uroar må forlate leksehjelpa.
- Føresette har alltid siste sjekk på leksene.
- Eventuelle underskrifter som elevane skal ha i samband med lekser, skal gjerast av foreldra heime.
- Meldingar heimafrå vedr leksehjelp, skal skrivast på Visma. Kontaktlærar vidareformidlar beskjed til dei vaksne på leksehjelp.