A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Middag kl 10 går heilt fint!

Tallerkenmodellen var eitt av måla i vekas mat og helse time.

Mat og helse, tallerkenmodellen
Mat og helse, tallerkenmodellen
Kjekt å pynta litt på tallerkenen
Kjekt å pynta litt på tallerkenen
Kokkane kosar seg meg maten
Kokkane kosar seg meg maten
Ein god haustdessert
Ein god haustdessert

Å lage mat er gøy, og middag kl 10 går heilt fint!

Menyen var spaghetti bolognese med salat, og eplekake med is til dessert.

To grupper fekk lage hovudretten medan den tredje laga salat og dessert. Me skal lære å lage mat både i omn og på kokeplate, så i denne timen fekk ein prøve begge deler. Det kan vera skummelt å setja inn i og ta ut av omnen, og sjølv om ikkje alt alltid går heilt etter planen, vart resultatet også denne gongen særs godt!

Tallerkenmodellen seier noko om kva ein bør tenkja på når ein forsyner seg med middagsmat.

1/3 bør vera kjøt, fisk eller egg (proteinrike matvarer), 1/3 bør vera poteter, ris, pasta eller brød (matvarer rike på stivelse) og siste 1/3 bør vera grønsaker. Har du ikkje tenkt på det før, kan du starta no :)

I tillegg til å tenkja på dette då dei forsynte seg, tenkte nokre elevar også på plasseringa av tredjedelane sine. Det er jo alltid kjekt å pynte tallerkenen så det blir freistande å eta!

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS