A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
sikker sykkel

Informasjon

Nytt skuleår er godt i gong, og me er heldige òg framleis ha eit nydeleg sommarvær:-)

Litt informasjon om skulevegen:

1) Mange elevar tek skulebussen og det har vore med bussvakt morgon og ettermiddag no i skulestarten. Elevane er utroleg flinke til å stå i kø, sleppe yngre elevar fyrst, har med busskort, brukar sikkerheitsbelte, oppfører seg fint og er høflege.

2) Det er òg mange elevar som går til skulen og dei brukar gangvegen og fortauet. Flinke miljøbevisste elevar.

3) Me har enda fleire miljøbevisste elevar og dei brukar sykkel. Dei syklar på gangvegen, fortauet i gata og ned Funkabakken. Dei har vore flinke til å ta omsyn til gåande og dei parkerar syklane sine i sykkelstativa. Minnar om sykkelhjelm, mange er flinke og brukar det, andre treng ei påminning.

4) Sparkesykkel, skateboard og rulleskøyter- då oppmodar me sterkt til å bruke hjelm. Skal skateboard/rulleskøyter brukast i friminutta er det påbod om hjelm, og aktiviteten skal skje på tilvist plass.

Skulen jobbar for ein tryggare skuleveg og me ynskjer å få til ein hjartesone rundt skulen som gjer det sikrare for elevane å gå eller sykle. Mindre biltrafikk og tryggare stopp- og hentesoner er bra for alle!

https://www.tryggtrafikk.no/skole/hjertesone/

Ynskjer at både skule og heim kan samarbeide om ein tryggare skuleveg!

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS