A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

4. kl

Tur til Simas

Måndag 8.april skal me til Simas, Kaupanger med 4.trinn på Hafslo. Dette som eit ledd i undervisninga i naturfag.

Reiser med buss kl.9.05 frå Galden, er tilbake på skulen ca til skuleslutt.

2019-04-07

Symjing

Det vert symjing saman med 5. - 7.trinn fram til vinterferien. Hugs oppmøte på kaia kl. 8.00 på torsdagane.

2019-01-13

Velkommen til fyrste skuledag, måndag 19.august kl. 8.30

SKULEÅRET 2019/20

2019-08-16

Haustfest 2018

Elevane ved oppvekstsenteret har i nokre veker jobba tverrfagleg med eple- og potetprosjekt. Prosjektet skulle ende i ein hausfest, der produkt dei hadde laga skulle selgast til inntekt for Barnehjelp Afrika. Festen vart halden tysdag 6.november, og den gjekk over all forventning. 

På tampen hadde vi ein eple- og potetquiz, som elevane på mellomsteget hadde laga. Vinnarane (to delte 1.plassar) var dei som sat ved desse borda: (Eple-quiz): "Tordis" og "Høyum, Skjeldestad, Hilleren" og (Potet-quiz): "Svein Arve, Jan, Mette, Lars Arne, Gudny, Wenche" og "Torje, Kasper, Roger, Grete, May, Irene, Odd John og Britt". Bra jobba!!  :) 

. . . . . .

 

2018-11-16

Opning av Raudestova

Onsdag, i flott haustsol, markerte me at Raudestova er renovert. Dette gjekk til etter ein kjempeinnsats frå føresette og vaktmeistar i god dugnadsånd. Stova vart måla og fiksa etter alle kunstens reglar og er no like "god som ny"! Flott at så mange føresette tok turen til opninga. Det vart høgtideleg snorklypping av årets 7. klassingar, etter tale frå rektor. Etterpå kosa me oss med rykande varm kakao i grindaverket medan haustsola varma godt. Me gler oss til å ta denne flotte stova i bruk.

. . . . . . . . .

2019-08-27

Trefelling

Den store bjørka midt på uteplassen til skulen, stod for fall og det midt i skuletida. Då var det ikkje vanskeleg å få med mange gode hjelparar :) Etter felling, vart elevane utstyrde med godt verktøy og vips var bjørka nesten vekke. 

. . . .. . . . .

Det var også nokon som freista å finne ut kor gamal bjørka var. Dei kom fram til omlag 32 år, men dette talet kan nok diskuterast, då det ikkje var heilt enkelt å telje alle ringane. :) 

.

2018-04-22

Våren er her!

Me har hatt nokre verkeleg flotte dagar her på skulen i det siste. Sola varmar skikkeleg godt og ho strålar i kapp med elevane (og lærarane). Men når sola kom og snøen forsvann, såg me fort at det var behov for å rydde litt ute. Elevane skipa på eige initiativ ein ryddedugnad ute og fekk vekk ein god del plast og anna skrot. Flotte og ansvarsfulle elevar, som fortener skryt for å vere miljøagentar, som gjer det triveleg for alle å vere ute. 

.  .  .  .  .  .  .  .  .

2018-04-15

Fine dagar

Våren er komen til Solvorn (iallefall nesten), og me har mange kjekke dagar her på skulen. Her kjem ei lita bildekavalkade over noko av det me har gjort på i vår. 

. .  .  .

.

2018-04-06

Skidag

Siste dag før vinterferien hadde me skidag på Heggmyrane. Der kosa me oss med skileik og mykje god mat. Vi hadde til og med eit mini-OL på tampen av dagen. Veldig kjekt og kjempegod innsats frå alle elevane. Mange gryande talent i Solvorn/Urnes, som me nok kjem til å sjå mykje meir av i framtida. :)  Vonar alle har hatt fine vinterferiedagar og at de alle no er klare til å byrje på skulen att måndag 26.februar klokka 08.30. :) Vel møtt!

Eskil OL_174x232.jpg  IMG_20180219_142038_100x133.jpg  Klar til start_155x116.jpg  Side om side_100x133.jpg

2018-02-25
Powered by CustomPublish AS