A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

6. kl

Fisken ligg klar til operasjon

Fiskemerking ved klekkeriet i Fortun

Fredag 5.september fekk me vera med Henning Urke og John Birger Ulvund på fiskemerking i Fortun.  Etterpå tok Jan Idar Øygard oss med på omvising i klekkeriet.

 

2014-09-08
Svein fortel ved Jettegryta

Tur til jettegrytene i Fortun

Svein hadde laga til ein flott tur for oss til Fortun, og han fortalde både om ei dronning og prinsesse, nipe, jette- og jettegryte, filminnspeling, hammar, hengedal og trollfantar - og mykje meir!

2014-09-03
Nam!

Endeleg er det dei nye 6.klassingane sin tur til å ha mat og helse

1.time med mat og helse

Fyrste time på skulekjøkkenet går ofte med til å bli litt kjent i skuffer og skap. Dette året var ikkje noko unntak! Men det vart også matlaging.

2014-09-01
Foran målet

Mykje som skal koma i rutine att...

Skulestart

Nå har me gått på skulen i to veker allereie, og det er mykje me skal hugse på, og som skal koma i gjenge att etter ein lang og god sommarferie.

2014-09-01
Stor snøball klar for trilling ned bakken

Snø - våt og perfekt byggesnø!

I dag var det stor aktivitet i akebakkane og elles, for i går og i natt kom det endeleg mykje snø!

Men det spørs kor lenge han blir verande i plussgrader og regn.....

2014-03-27
is

KARNEVAL

I kveld 18-21 arrangerer elevbedrifta i 5.-7. klasse karneval på skulen.

Dei sel pølse og brød og gode kaker.

Velkomne til alle, store og små!

2014-03-07
Her kan ein gjere mange gode kjøp!!

Knall på loppemarked!

Torsdag 13.februar, like før kl 17....

                         - 10, 9, 8, 7, 6, 5, 4, 3, 2, 1!!!             Loppemarkedet er opna!!

2014-02-13
Øving pågår, og loppene klare

Kulturøkt og loppemarked

Fredag 14. mellom klokka 11.15 og 13.00 er det kulturøkt på oppvekstsenteret med program og sal av forfriskningar.

Alle er velkomne til å sjå og høyra litt om kva vi har jobba med denne perioden.

I dag er det hektisk aktivitet for å få alt ferdig til kulturøkta og vinterferien, både arbeid og sceneopptredenar.

Storskulen har det ekstra travelt, for elevbedrifta deira skal ha loppemarked i kveld, og det er mange flotte lopper å sjå. Løp og kjøp på skulen i kveld 17-20!

 

2014-03-27
Arbeidsgjengen

Arbeidsgjengen er klar!

I byrjinga av juni skal denne flotte gjengen på klassetur til Bergen. Der skal me besøke Vilvite-senteret og elles besøke andre attraksjonar Bergen har å by på.

 

 

2014-01-14
Sideleie

Fagdag om folkehelse

Temaet for perioden mellom nyttår og vinterferien har vi kalla Folkehelse. I dag fekk oppvekstsenteret besøk av tannpleiar, Røde Kors, helsesøster og kommunen sin folkehelsekoordinator som fortalde om ulike sider ved temaet. Dette har vore ein lærerik og spennande dag!

2014-01-09
Powered by CustomPublish AS