A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
´Skulen

Måndag 17. august klokka 09

Velkomen til skulestart

Me ønskjer elevane i 1. - 7. klasse velkomne til nytt skuleår ved Indre Hafslo oppvekstsenter, måndag 17. august klokka 09.00. Me møtest utanfor inngangen, før me går til gymsalen for ei kort felles samling. 

Smittevernreglane er i hovudsak dei same som før sommarferien, og det skal mellom anna haldast minst ein meters avstand mellom dei som ikkje tilhøyrer same husstand.

Me ønskjer at alle får ein god start på skulen, og ønskjer difor føresette for nye skuleelevar velkomne til å vere med. I første klasse har det tidlegare vore høve for føresette å vere med inn i klasserommet på starten av dagen. For å kunne gjere dette også i år, i tråd med smittevernreglane, set vi ei grense på at kvar elev berre kan ha med seg éin føresett inn i klasserommet.  

Vel møtt til nytt skuleår!

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS