A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Sol_150x142

Velkomen til foreldremøte for heile oppvekstsenteret 1.4. klokka 19.00!

Møtet blir i gymsalen. Etter fellesmøtet, om lag klokka 20.30, blir det eit møte i 17. mai-komiteen for foreldra i 2. og 6. klasse.

Tre gongar i året har vi på oppvekstsenteret noko som blir kalla for HSP-team. HSP står for helse- og sosialpedagogisk team . Vi vil gjerne presentera samarbeidspartnarane våre i dette teamet; helsestasjon ved helsesøster og fysioterapeut, PPT og barnevern, slik at de veit litt meir om kva dei ulike instansane kan bidra med i samarbeidet med føresette og oppvekstsenteret.

Saksliste til møtet:

1. Presentasjon av dei ulike instansane:

  • Helsestasjonen v/Jorunn Ødegård

  • Helsestasjonen v/ Carla Navarro-van Elswijk

  • PPT v/ Kari Alme
  • Sogn Barnevern

2. Diskusjon, gruppearbeid med meir

3. Oppsummering

 

Vel møtt!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS