A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

VEKE 42

Då er me godt i gang att etter haustferien. No er elevane begynt å produsera varer til markanden 1. nov. Det blir nok fine ting å få kjøpt i år og :). Elles har 2.-4. trinn øvd på sangar til Erik Bye -kvelden i regi av Hafslo songlag, som skal vera i samfunnssalen på Hafslo måndagskvelden. Dei har vore to turar til Hafslo og øvd med elevane der. I dag var fire menn frå Indre Hafslo spelemannslag med og øvde. Me håpar at alle vert med måndagskvelden. Det er også fint om dei som ikkje skal opptre også kjem og høyrer på. Onsdag hadde 5. trinn nasjonal prøve i lesing. Neste veke er det rekning, og så skal dei ha nasjonal prøve i engelsk veke 44. Måndag er det fagdag i samfunnsfag.

God helg!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS