A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Veggis og glas-bileta

PÅ TUR MED VEGGIS

Vanndalsvegen

I år skal Veggis vere med oss ut på tur i nærmiljøet. Me går i små grupper fordelt på ulike dagar. Alle skal få bli med utover hausten, og målet med turen er å finne eitt eller anna me lurer på om noko av det me finn eller ser i naturen. Bilete/tekst o.l. blir hengt opp på ein eigen "Veggis-vegg".

I dag var ei gruppe (Oda, Ingeborg, Sigve, Lars-Andreas, Håkon og Thekla) på tur. Dei fann glas-skår der me sat og åt nista vår. Me funderte på kvar glas-skåra kom frå og kva glas blir brukt til. Saman fann me ut at me ville finne ut meir om kva glas vert laga av. Då me kom heim søkte me på internett og fann svaret, og alle glas-skåra vart limt på kartong og blir hengt opp i barnehagen. Lurer du på kva glas vert laga av?
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS