A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
IMG_6510

Uprisen 2017

Fredag 22.09 var me så heldige å få besøk av Bjarte Bakken, som er prosjektleiar for Uprisen gjennom foreininga !les. Dagen byrja med eit inspirerande foredrag for lærarane, der me fekk høyre meir om foreininga !les og txt-aksjonen, og korleis elevar rundt om i landet jobbar med bokmeldingar til Uprisen.

Deretter var Bjarte innom 9.trinnet vårt, som er ein del av 30 ungdomsskuleklassar på landsbasis som jobbar med bokmeldingar til Uprisen. I desse øktene jobba elevane mellom anna med kritisk lesing og korleis ein skriv bokmeldingar.

I etterkant blei Bjarte intervjua av Radio Luster om prosjektet. Dette innslaget kan du høyre her:

http://radio-luster.org/mp3/upris2209.mp3

Me takkar for eit kjekt og lærerikt besøk!


 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS