A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Svarthiller

TUR TIL MOLDEN

Det strålande sommarveret i fyrste skuleveke gjorde at me valde å avvikle årets fjelltur litt tidlegare enn opprinneleg planlagt. Det angra me slettes ikkje på:-) Både store og små hadde ein fantastisk dag til fjells. Sidan både Kvåle skule og Indre Hafslo oppvekstsenter hadde tenkt det same, var det reine folkevandringa frå Krossen og oppover. Nokre elevar hadde Svarthiller som mål, og fekk god tid til å leike og kose seg der, medan svært mange gjekk heilt til topps på Molden. Somme tykte til og med at det var så varmt at dei måtte ha seg ein avkjølande dukkert i vatnet på toppen.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS