A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Trafikkavvikling ved Indre Hafslo oppvekstsenter

På dagtid er det til tider stor trafikk til og frå Indre Hafslo oppvekstsenter. For at det ikkje skal oppstå alvorlege situasjonar må me be om at alle tek omsyn.

 

Alle førsette som leverar/hentar elevar ved skulestart/skuleslutt skal bruke parkeringa ved rundkøyringa eller berre stoppe i kanten ved rundkøyringa.

Plassen ved bosskuret skal kun brukast av dei føresette som levere/hentar born i barnehagen/ eventuelt SFO. Dersom ein har SFO plass, men leverer/hentar elevar ved skulestart/skuleslutt så skal ein nytte parkeringa ved rundkøyringa.

Når du leverar/hentar born og parkerer ved bosskuret så skal du rygge bilen inn når du kjem.

Motoren på bilen skal vere av, og bilen skal vere låst når du leverar/hentar. (dette gjeld også om vinteren)

Det er viktig at dei som leverar/hentar born i barnehagen ved skulestart/skuleslutt tek omsyn til at det kan vere mange elevar ved bosskuret og på veg bort til buss/taxi.

Me håpar at alle merkar seg dette slik at det ikkje oppstår alvorlege situasjonar på trafikkområdet vårt.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS