A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Informasjon om møtet

Temamøte om livsmestring og folkehelse 4.juni 2019 - tverrfagleg samarbeid med helse og politi

Velkomen til tema-møte med fokus på livsmeistring og folkehelse

 

Dato: 04.06.19

Stad: Luster ungdomsskule, aula

Tid: 18.00-19.30

 

 

Me inviterer til tema-møte med fokus på livsmeistring og folkehelse.

 

Me har flotte ungdomar på Luster ungdomsskule. Dei er inkluderande, lærevillige og stort sett aktive i friminutt.

 

Men dagens unge står overfor mange krevjande val. Dette gjeld ift rus, nettvett og eigen kropp. Det handlar om å setje grenser for seg sjølv og gjere gode val. Og det beste er om vener står i lag om å gjere gode val, då kan det vere enklare.

 

Tema-møte er tverrfagleg lagt opp. Stein Helge Selland (politiet), Jorunn Ødegård (helsesøster) og Kristin Vee (rektor) vil halde innlegg på møtet.

FAU har og spelt inn forslag til tema.

 

Nokre innspel frå føresette i gruppearbeid om livsmeistring våren 2019:

Spørsmålet var; Kva er livsmeistring?

-å stå i livet

-vere trygg på seg sjølv

-ikkje alltid samanlikne seg med andre

-syne respekt

-finne sin plass

-konsekvenstenking

 

I spørsmål om kva skulen/føresette kan bidra med ift dette arbeidet var nokre av svara;

-Setja dei i stand til å løyse eigne utfordringar

-Ansvarleggjere ungane

-Foreldra må vere rettleiarar ift at barna må lære seg å velje det dei vil sjølve, ikkje det      vener vil

-Lov å gjere feil

 

Håpar de har høve til å møta opp denne kvelden.

 

Velkommen!

 

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS