A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
kristin

Helsing frå rektor

Takk for 5 gode år på Luster ungdomsskule, lukke til vidare

Kjære gode elevar, føresette og kollegaer,

Det er kjekt at me no snart har i hende ein ny skulekatalog på Luster ungdomsskule. Det har me hatt ein gong tidlegare, i mi tid som rektor. Eg er jo ein utruleg stolt rektor, som gler meg til å vise fram alle dei kjekke elevane me har på Lus.

Eg har sagt mange gonger at på LUS så er alle elevar «våre elevar». Alle tilsette på LUS har felles ansvar for å trygge skulekvardagen til alle ungdomane på skulen, både når det gjeld tilpassa og god læring og læringsmiljø.

Luster ungdomsskule har 124 elevar og rundt 29 tilsette. Det er ein sterk fagleg tradisjon på skulen, og me har eit kollegium som er sett saman av lærarar med lang erfaring og nyutdanna med ny innsikt og kunnskap. Me har miljøkontakt og erfarne assistentar som føl opp elevane på ein framifrå måte. Det er rådgjevar som hjelper elevane på mange måtar, men mest med søknad til vidaregåande. Reinhaldspersonalet held skulen gullande rein og vaktmeistaren står på der det trengst. Alle brikker i «puslespelet» som utgjer LUS er like viktig bidrag når det gjeld at elevane skal få ein god skulekvardag.

Me er så heldige at me får elevar frå 5 ulike skular til vår  ungdomsskule. Det gjer at me får inn ulike kulturar, dette påverkar læringsmiljøet positivt. Det er viktig for oss at føresette og vert kjend på tvers av bygdene og me nyttar ein modell til foreldremøte der ein «trekker nr. eller farge» som gjer at ein må sitte på det tilhøyrande bord. Me skal gjere det me kan for å leggje til rette for ein «VI-kultur», som gjer føresette trygge i å ta kontakt med kvarandre i eit felles ansvar for at ungdomane får ein trygg oppvekst.

Me har ein inkluderande skulekultur, med rom for mangfald. Det er me stolte av, og det gjer elevane rause mot kvarandre. Likevel ser me behov for større fokus på inkludering og auka kommunikasjon med elevar som har anna morsmål enn norsk.  Gjennom elevar som kjem frå andre land blir me kjende med nye kulturar.

Me er heldige som får høyre til i Luster kommune og vere ein del av skuleutviklinga i Sogn. Me har og spennande samarbeid internasjonalt gjennom Erasmus prosjekt og ikkje minst lokalt gjennom Høgskulen på Vestlandet. Det er eit høgt kunnskapsnivå blant tilsette på LUS og me er godt inne i Fagfornyinga med dei mulegheiter det gir ift læring, motivasjon og fleirfagleg samarbeid.  Eg vil særleg trekke fram det tverrfaglege emnet livsmeistring og folkehelse. Det er viktig å implementere føresette og elevar i vidare arbeid. Det å meistre livet er avgjerande før ein evt kan meistre fag og ha mål om ei utdanning.  

Tida mi som skuleleiar ved LUS er snart forbi. Det har vore 5 lærerike, krevjande, utviklande, engasjerande og ikkje minst fantastiske år. Eg vil med dette takke for meg og ynskje alle tilsette, føresette og elevar lukke til vidare med skule og livet. Husk på det aller viktigaste; Me har alle rett på å høyre til og det er alle sitt ansvar, både mitt og ditt, å sørge for at dette skjer.

Med beste helsing

 Kristin Vee, rektor                                   

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS