A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
koronaviruset

Stengt oppvekstsenter

Heile oppvekstsenteret, inkludert samfunnsbygg med gym.sal, er stengt med verknad frå og med 12.mars 2020 kl.18.00 til og med 13.april (eller lengre). Årsak: å hindre smitte av koronaviruset Covid-19.

Me ber om respekt for stenginga, og gjer merksam på at husa er stengt HEILE DØGNET i denne perioden. 

Me er pliktige til å gi omsorgstilbod til heimar der føresette har ein samfunnskritisk funksjon. Derfor ønskjer me ikkje at andre brukar uteområdet til skulen eller barnehagen i tida 07.00-16.00 alle kvardagar.

Her finn du oppdaterte råd frå Folkehelseinstituttet til befolkninga generelt:

Råd og tiltak for befolkningen generelt

  • God hånd- og hostehygiene, prøv å unngå å ta deg i ansiktet.
  • Personer som bor sammen kan omgås normalt.
  • Unngå håndhilsning, samt kyssing og klemming utenfor hjemmet.
  • Hold avstand til andre, både på jobb, ute og andre steder du oppholder deg.
  • Begrens antall personer du har nær kontakt med, og får besøk av, til noen få av gangen.
  • Friske barn kan være sammen både ute og inne, men i små grupper.
  • Utsette større sammenkomster som ikke er nødvendige.
  • Hvis du får feber eller luftveissymptomer bør du isolere deg hjemme til ett døgn etter at du er frisk. 

Det er oppmoda om at leikegruppene til barna ikkje er på fleire enn 1-2 faste personar.

Underforstått betyr det også at til dømes ballbingen ikkje er tilrådeleg å bruke for fleire enn 2-3 personar om gongen. Eg får innimellom melding om at det er observert fleire enn dette i ballbingen. Eg vil oppmode dei som ser slike situasjonar, til å be dei som oppheld seg der, vennleg om å spreie seg for å unngå å smitte kvarandre og også oss andre. PS: me kan berre oppmode, ikkje krevje. #nasjonaldugnad

Her finn du dags- og vekesrapportar frå Folkehelseinstituttet.

Ta vare på kvarandre i denne spesielle situasjonen!

Mvh rektor-styrar

Eli Hansen Moen

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS