A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
DSC_0056

Fellestur tysdag 26.august

Skulen på gamle vegar - Mjølver til Liastølen

Me var heldige med vêret og hadde ein både lærerik og koseleg tur frå øvst i Mjølversgardane og inn til Liastølen. 1.klassingane gjekk i lag med dei flinke fadderane sine, og me stoppa både på Li, i Leteigen, på Liastølen og ved tuftene til gamleskulen på Røvomn. Me såg òg ei kjempesvær ørn!

Tema (som me òg skal jobbe vidare med og skrive og teikne om til JSA) var gamle ferdselsvegar og buferdsvegar, og me snakka særskild om desse fem orda: EI KLOPP, EIN TEIG, EIT LE, EI FONN og EIN STØL.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS