A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Blomeutdeling

Skulelunsj

I dag kom det fire blide og kjekke damer frå Gaupne helselag og laga til kjempegod lunsj til oss! Sidan 5. klasse starta dagen med morgonsamling i aulaen, nytta me høve til å be damene om å komme fram på scena slik at me fekk takke dei ordentleg. Dei fekk kvar sin blomsterbukett hjå oss, for det har dei verkeleg fortent! Leiaren, Asborg Leirdal, fortalde at dei ynskte å spandere denne lunsjen på oss fordi elevane på Gaupne skule alltid er så flinke til å stille opp i Nasjonalforeningen for folkehelse sin årlege hoppetaukonkurranse. I år vert konkurransen offisielt opna av Kronprins Haakon framfor Stortinget 28. april. Elevane i 4.-7. klasse gler seg til å kome i gong med hoppinga:-) I tillegg kjem nok også mange av elevane til å ta seg ein tur opp i Judassvingen for å klyppe eit merke i klyppekorta som helselaget har delt ut til veldig mange born. Dei aller sprekaste går kanskje heilt opp til brua og skriv seg inn i boka der?

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS