A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Awo ski

Ski i skulen

Også i år er me så heldige å bli plukka ut som deltakar i Sogn og Fjordane Skikrins sitt tilbod "Ski i Skulen". Dette inneber at 5. og 6. klassingane våre får delta på skiaktivitetar på Heggmyrane fem tysdagar frå  veke 5 til veke 10.  Dei reiser utover med buss etter mat, og skikrinsen dekkar både transport og utgifter til skiinstruktørar. Erfaringane så langt har vore svært positive. Elevane er blide, nøgde og engasjerte, og har auka ferdigheitene sine monaleg.

Skikrinsen si målsetjing for prosjektet er:

- skape ei god skiopplæring i grunnskulen, der skiglede i snø er eit sentralt moment

- bidra til auka fysisk aktivitet blant born og ungdom gjennom aktivitet vinterstid

- innføring i grunnleggande ferdigheiter innan vinterfriluftsliv

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS