A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Siste uteskuledagen for i år

1. og 2. klasse og 5-åringane har hatt mange kjekke uteskuledagar ilag i haust. Den siste var på tysdag, og denne morgonen var det fortsatt mørkt når me kom til Moane. Mørket stoppa ikkje ungane frå å sette i gang med den fine leiken dei alltid har der, det går ofte i butikkleik med kjøp og sal av ulike varer. Etterkvart fyrte me opp bålpanna og grilla fiskeburgarar til lunsj. Me gledar oss allereie til uteskule att i det nye året. 

a-juletre.jpg

"..og vi har pønta tre"

a-uteskule.jpg

Denne gjengen er på vedaskogen

a-uteskule2.jpg

Straks klart for grilling

a-uteskulekramsnø.jpg

Veldig kjekt når det er kram snø!

leikpåuteskule.jpgleik2.jpg

Desse bileta er frå førre gong me var på uteskule. Kvar gong me er der tek me bilete av ei furu og ei rogn for å følgje med på korleis dei endrar seg etter årstidene.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS