A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Prioriterte tiltak 2014/2015

Satsingsområde SPRÅKUTVIKLING

Me er no inne i det andre året med språkutvikling som eitt av to satsingsområde etter at me tok Ståstadanalyse for skule og for barnehage våren 2013. Under følgjer ei liste over prioriterte tiltak for inneverande skule- og barnehageår. I tillegg jobbar me sjølvsagt med språkutvikling på mange plan i kvardagen både i skule og barnehage, men tiltaka under er enten litt nye, er særskild viktige for samarbeid mellomskule/barnehage og heim, eller dei går på tvers av alderstrinn og fag.

Tiltak for å jobbe vidare med SPRÅKUTVIKLING ved Jostedal oppvekstsenter:

SAMARBEIDSTILTAK SKULE OG BARNEHAGE:

  • Leseplanen, lese- og læringsstrategiar, kartleggingsprøver og nasjonale prøver er tema på foreldremøte (felles + avdelingsvis) no i haust – vil bli fast tema på haustmøte for foreldre kvart år.
  • 5.klasse les høgt for barnehageungane om lag ein gong i månaden, jobbar med kriterium for høgtlesing på førehand.

TILTAK I BARNEHAGEN:

  • Har utlån av bøker i området foreldra må krysse ved henting/levering (starta med dette i fjor haust – veldig gode erfaringar)
  • «Boka mi» kvar veke: Rullering der eit barn får med «bokposen» heim og skal ha med ei bok tilbake ein fast dag i veka – valt ut i lag med foreldre (starta med dette i fjor haust – veldig gode erfaringar)
  • Har prøvd ut metoden «dialogisk lesing» i vår, vil halde fram med det
  • Rim/regler i samband med måltid, ved bleieskift, i samlingsstundar og elles
  • Ekstra fokus dette året: høyre/lære regler og songar
  • Ekstra fokus for personalet: Språkutviklande samtalar
  • Ein av ped.leiarane er deltakar på fagnettverket i Språk, tekst, kommunikasjon, har og vore med på dei siste kommunale norsknettverka. Ho har delt erfaringar både på samlingar og i eiget personalet (skule og barnehage) – veldig godt fungerande nettverksarbeid

SKULEN:

  • Fast tid til lesing/leseforståing kvar dag for alle trinn (halvtimen etter mat, 11.15-11.45) – jobbar no i oppstarten med å få struktur som utnyttar denne tida godt (eksperiment! Me evaluerer status i løpet av første halvdel av september). Noko av tida er teke frå norsk, noko teke frå naturfag/rle/samfunnsfag – lærarane i dei faga får støtte frå norsklærarane = tett, konkret samarbeid om planlegging av strukturen på desse timane.
  • «Periodens læringsstrategi» fast punkt på fellesmøtet måndagar: Kva strategi jobbar kvart av trinna med neste veke? Strategien skal stå på vekeplanen (men same strategi står i 3-6 veker), alle faglærarar nyttar strategien til lesing/skriving i sine fag (døme: 5.-7.trinn har no «strukturert tankekart», 7.trinn prøver seg på styrkenotat frå tankekartet i tillegg)
  • Arbeid med omgrepslæring er prioritert: Alle lærarar har ansvar for å plukke ut fagterminologi til sine fag i «læringskolonna» på vekeplanen (alle trinn) – kva som er gode  + for nokre trinn fast «ordkart» på baksida av vekeplanen
  • Kartleggingsprøver og nasjonale prøver står i felles kalender for alle lærarane (uansett trinn og fag), oppfølging er tema på felles personalmøte når resultat/analysar er klare (des/jan + mai/juni)
  • Satsing på skulebibliotek gjennom betre organisering av skuleboksamlinga, målretta innkjøp av nye bøker. Dei tre lærarane med seniortid har fast tid ein halvtime i veka (i lag) til dette arbeidet – nytt tiltak i år. I tillegg er 6.-7.trinn «bibiliotekgjengen» og skal samarbeide med «seniorgjengen» (og rektor/norsklærar) om arbeidet med biblioteket. Viktig punkt i satsinga er å presentere bøker for elevane på alle trinn, korleis lærarane kan gi gode råd til alle elevar ut frå deira nivå og interesse. Målsetting: Alle elevar skal oppleve å bli oppslukt av ei skjønnlitterær bok.
  • 6.-7.klasse les høgt for fadderungane sine i 1.kl eit kvarter ein fast dag i veka, følgjer kriterium for høgtlesing + lesestrategiar som passar for mottakaren (lese langsamare enn når dei les for eigen aldersgruppe, snakke om bilete og overskrifter og gjette på kva teksten handlar om / kva som vil skje).
  • Ein lærar har fått opplæring i og ansvar for å halde intensive kurs (ca 8 veker) i Aski Raski og Ny start, og har sett av tid til dette to dagar i veka på timeplan + arbeidsplan. Har tett samarbeid med rektor om status og oppfølging av elevane som er i bekymringssona etter kartleggingsprøver eller anna observasjon.
  • Me vil prøve lesesamtale med foreldra i 1.klasse i slutten av september (i staden for «vanleg» foreldresamtale hausten i 1.klasse), lærar i Gaupne som nyleg har teke vidareutdanning og prøvde dette ut i fjor har opplegg om dette på kommunalt fagnettverk 18.sep der 1.klasselærar deltek.
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS