A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Som eit ledd i satsing på psykisk helse i Sogn hadde LUS fokus på psykisk helse

PSYKISK HELSE DAG

Mål med dagen var å setje tema psykisk helse på dagsorden; Alle har ei psykisk helse. Det er normalt om ein strevar ein periode og det finnes mange gode hjelparar, som ein kan snakke med og søkje hjelp av. Dei gode hjelparane til ungdomane i Luster fekk synt ansikt: kommunepsykolog, lege på helsestasjon for ungdom, psykiatrisk sjukepleiar, diakon, repr. frå NAV, BUP, Sogn barnevern, helsesyster og politiet. Dagen var organisert i tett dialog med helsesyter, Jorunn Ødegård. Fokus med dagen var og å nå fram med bodskapen om at barn aldri skal ha ansvar for vaksne. Dersom føresette eller andre i familien slit, så er det viktig å snakke med nokon om det. 

Gøran Sjølie af Geijerstam, tidlegare elev på LUS, holdt foredrag om angst, meistring og om å aldri kjenna seg god nok. Dette traff elevane og ikkje minst var det jubel og begeistring då han avslutta med å spele gitar og synge to sangar. 

Siste del av dagen såg elevane film, på tvers av trinn og jobba med oppgåver. Tema var: alkoholisme/born som pårørande, psykiske vanskar og vold i nære relasjonar. 

Her ser de nokre bilete frå dagen lagt ved. 

psykhelse
p3
p
p4
p5
p2
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS