A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
palsveka

Palsveka hausten 2019

Palsveka starta med ei fantastisk flott fellessamling i gymsalen med program framført av flinke 2. og 7. klassingar. Dei dansa bl.a. BliMe dansen, sang fleire songar, klappeleik, dei las opp nokre av barna sine rettar og synte fram kor viktig vennskap og samarbeid er for å trives og føle seg inkludert. Ein vert så glad av sang og dans, og nokre strofer rullar framleis i bakhovudet:-)

I løpet av Palsveka kjem klassane til å gjere fleire ting saman og kjenne på kor viktig fellesskapet er for at ein skal kjenne seg trygg og inkludert. Når alle skuleelevane gjekk til klasseromma sine så fekk de ein lapp der det t.d. sto"Du er god nok"- oppdrag: Sei noko fint til nokon i ein anna klasse eller "Du er verdifull"- oppdrag: Sei noko fint til nokon i klassen din. 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS