A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Sogdal vidaregåande skule inviterer til open dag torsdag 23. januar 2020

Open dag på Sogdal vidaregåande skule

Som vanleg dei siste åra inviterer Sogndal vidaregåande skule elevar og føresette til open dag. Denne ettermiddagen har ungdomsskulane i Luster kommune lagt inn som obligatorisk for våre elevar.  Den går inn som ein del av undervisninga i faget utdanningsval.  


6173663_4360574 (2)[2]

Tidsramma for kvelden er frå kl. 17 - 20.

Program:

  • Felles informasjon om dei ulike utdanningsprogramma i Trollsalen (med følgjande inndeling):
    • kl 17.15: Leikanger, Sogndal, Kaupanger, Hafslo
    • kl 18.30: Aurland, Lærdal, Luster, Vik og andre
  • Presentasjon av dei ulike tilboda på skulen og møte med lærarar og elevar på dei ulike utdanningsprogramma, samt opplæringskontora for dei ulike faga
  • Omvising på dei ulike avdelingane og verkstadane

Målgruppa er særleg elevar i 10.klasse i regionen – med føresette – men alle som vil sjå skulen og få informasjon om skuletilbodet er velkomne.

Føresette som ikkje har høve til å møte på denne informasjonskvelden må avtale med andre føresette om køyring.

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS