A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

GJE i staden for å FÅ!

Omvendt julekalender

I år er alle klassene på skulen med på noko som heiter Omvendt Julekalender. Kvar dag opnar me ei luke på nettsida til aksjonen (som er laga av SOS barnebyar), der me får sjå korleis ungar har det rundt om i verda. Gjennom heile adventstida kan elevane avtale med foreldra sine at dei gjer noko arbeid der dei gir løna for arbeidet til aksjonen.

Det er sjølvsagt frivillig om ein vil gje noko, og kor mykje ein vil gje, difor får alle like konvoluttar som dei kan poste i ei postkasse på skulen kvar fredag, utan at andre kan sjå om det er pengar i konvolutten, eller kor mykje. Måndag får alle ein ny konvolutt til den neste veka. Siste sjanse er siste skuledag før jul, fredag 21.desember. God arbeidslyst!

Her finn de lukene me opnar: Nettsida til aksjonen (laga av SOS barnebyar).

omvendt julekalender sos barnebyer

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS