A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Samfunnsbygget

Om skulen

Skulen vår er ein fådelt skule. Det vil seie at elevane er delt inn i tre grupper dei fleste av undervisningstimane. Alle kjenner alle, og skulemiljøet er tett og oversiktleg.

Skuletid:

Måndag: 08.30-13.20

Tysdag: 08.30-13.20, leksehjelp 13.30-15.30 (4.-7.klasse, gratis og frivillig, men obligatorisk for dei som er påmeldt)

Onsdag: 08.30-12.20 (1.-4.klasse)/ 08.30-14.45 (5.-7.klasse)

Torsdag: 08.30-14.20

Fredag: 08.30-13.20

 

Undervisningstid:

Til vanleg har me undervisning slik:

Arbeidsøkt 08.30-10.00

Pause 10-10.15

Arbeidsøkt 10.15-11.00

Matpause 11-11.50 (FYSAK kl.11.20-11.35 tys-fre for 5.-7.kl)

Arbeidsøkt 11.50-13.20

Pause (onsdag og torsdag) 13.20-13.35

Arbeidsøkt 13.35-14.40 (onsdag, gjeld berre for 5.-7.kl), 13.35-14.20 (torsdag, 1.-7.kl).

 

SFO:

Før og etter skuletid er det høve til å kjøpe plass ved SFO (SkuleFritidsOrdninga) for dei som går i 1.-4.klasse, sjå "Om SFO".

 

Leksehjelp:

Det er høve til å delta på gratis leksehjelp inntil 2 timar i veka. Dette er eit tilbod for 4.-7.klasse. I år er dette kvar tysdag kl.13.20-15.20.

 

Her er me!

Skulen ligg midt i bygda Luster langs fylkesveg 55, og sto ferdig i 1968. Ved skulen ligg også samfunnshuset som vart bygd i 1992. Her er det gym.sal som blir ofte nytta på kveldstid og i helgane, i tillegg til festdagar som 17.mai, basar og konsert. I samfunnshuset er også den nye administrasjonen av oppvekstsenteret. Skule og bygd har eit nært og godt samarbeid, både med idrettslag, kulturskulen, bygdelag og musikkorpset. Me har kort veg til naturen, og me har vakker utsikt mot fjord, fossar og fjell.

Besøks- og leveringsadressa er Luster oppvekstsenter, Lustravegen 3300 C, 6872 Luster.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS