A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Sfo-tilbodet ved Gaupne skule

.

Skulefritidsordninga (SFO):

Sfo har eit stort fellesrom, eit lite leikerom, eit legorom og eige kjøken. Dette skuleåret vil det vere tilsett fem assistentar. Rektor er overordna ansvarleg, og Marie Stølen Ørbeck tek seg av dagleg drift og innkjøp. Alle spørsmål som gjeld oppseiing/endring av plass må difor rettast til rektor. Sfo har ope frå kl. 07.15 – 09.00 om morgonen og frå kl. 13.50 – 16.00 om ettermiddagen kvar dag. I tillegg er det ope i alle skuleferiar. I god tid før kvar ferie vert det sendt ut ein melding frå Visma til alle som har Sfo-plass. Her kan de melde på barnet dykkar dersom de har behov for Sfo i ferien. Dersom de har bruk for fleire timar enn det de allereie betalar for, heil plass 19,75 t. og halv plass 11 t., vert de fakturert etter gjeldande timesatsar (sjå betalingsvedtektene på kommunen si heimeside for å finne eksakt pris). Sommarferien ligg ikkje inne i den faste prisen, så her gjeld dagsprisen alle dagar. Påmelding til sommarferien må leverast innan midten av mai. Her skriv de opp kva dagar de ynskjer å nytte i ferien. Påmeldinga er bindande. Sfo har feriestengt dei tre siste vekene i juli.

 

Sfo startar med uteaktivitet i 20 minutt kvar ettermiddag. Når borna kjem inn, er det måltid. Det er frukt to dagar i veka, knekkebrød med pålegg to dagar og varmt måltid ein dag. Matpengane vert fakturert saman med foreldrebetalinga kvar månad.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS