A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Om barnehagen

Barnehagen er ope kvar dag måndag-fredag frå kl.07.00 til 16.00. Barnehagen vår har to avdelingar. "Løvetann" for dei minste (ca. 0-3 år) og "Søtekruse" for dei eldste (ca. 3-5 år).

Søknadsfrist endring av og/eller ny barnehageplass : 1.februar

Her går du til søknadssidene.

Barnehagefakta frå Utdanningsdirektoratet.

Dagsrytme:

kl.07.00: Barnehagen opnar. Om morgonen samlast barn og vaksne på Løvetann for ein god og roleg frukost.

Kjernetida er frå kl.09.15-14.00, det vil seie den tida ein ønskjer at barna er tilstades viss dei skal delta på dei ulike aktivitetane. Aktivitetane varierar mellom ute- og inne, i barnehagen og i nærmiljøet. Kvar veke jobbar me med ulike fagtema. Nokre gonger har me eitt tema for kvar veke, andre gonger fleire veker med same tema.

ca.kl.11.00: Samlingsstund.

ca.kl.11.30: Lunsj. Etter lunsj har me kvilestund for små og store, før me går ut. Me er mykje ute i løpet av dagen!

ca.kl.14.00: Frukt. 

kl.16.00: Barnehagen stenger.

 

Kontakt oss:

epost: eli.merete.moen@luster.kommune.no

Tlf styrar: 57 68 59 20

Tlf dagleg leiar: 57 68 59 35

Tlf avd Løvetann: 479 71 835

Tlf avd Søtekruse: 479 74 653

Føresette brukar i hovudsak Min barnehage-appen frå Visma for å få kontakt med oss.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS