A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Denne dumperen er mellom dei nye leikane i sandkassen.

Elevrådet spelte inn ønskje

Nye leiker

Nyleg vart det kjøpt inn nokre nye leiker til både inne- og utebruk for skule og SFO. Innkjøpa vart gjort etter ønskje frå elevrådet. Det vart mellom anna nye spadar, siler, traktorar og bilar til sandkassen, dokker og bilar til leikerommet, samt nokre nye akematter som står klare til det kjem nok snø til å bruke dei. 

Elevrådet var elles oppteke av at det burde kome ei bosbøtte også på baksida av skulen, sidan vi berre hadde ei på framsida. Det har vi også fått på plass med god hjelp frå vaktmeister. 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS