A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

No er me i gang

Me er komne til enden av fyrste veka i oppstarten. Me har hatt ei flott veke, som de kan lese litt om under her....

Dette har vore ei veke full av forventingar, spenning, oppdaging, utforsking, latter og tårer. Akkurat slik ei oppstartsveke skal vera. Nokon har plutseleg "rykka opp" og blitt dei eldste i barnehagen, nokon av borna har bytta avdelingar og allereie komne godt inni  gruppene der både med born og vaksne. Nokon har hatt sin fyrste dag i barnehagen og har starta ein ny epoke i livet... Alle har ulike dagar i barnehagen og me ser kvar enkelt av borna og er her som "støttande stillas" for at borna skal utvikle seg og nå nye epokar og få nye opplevingar kvar dag.
Det har vore eit fantastisk vèr denne veka, og alle avdelingar har vore mykje ute. Alle avdelingar har hatt større eller mindre grupper på tur i nærområdet denne veka, hatt leikegrupper, spelt spel og lese, og torsdag fyrde Elin og Anne Merethe opp grillen med god hjelp av Bente Iren. Me grilla fiskekaker i pitabrød og hamburgarar. Dei små sat ved borda sine inne og åt, Turkis og Blå sat ute på benken ved grillen, medan Oransj hadde piknik på golvet på avdelinga. Sola varma og maten smakte godt! Det vart ei kjekk stund for store og små.

No er det snart helg, og alle borna skal fordøye alle inntrykk dei har fått denne veka. 
Me gler oss allereie til måndag.

God helg!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS