A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Kva Olweus-gruppa i Bergen seier om

Mobbefri kvardag for alle

Det meste av krenkande åtferd i skulen går føre seg skjult for vaksne. Der det føregår mobbing, har krenkande åtferd fått utvikle seg over tid. Hovudprinsippet i arbeid med krenkande åtferd og mobbing er å avdekke og stoppe krenkande åtferd tidleg, slik at den ikkje utviklar seg til mobbing. Det handlar eine og åleine om kva vi vaksne gjer og kva vi ikkje gjer.

Oppsummering frå Olweus-gruppa om "Korleis kan vi få ein mobbefri klasse og skule ?":

Det meste av krenkande åtferd i skulen går føre seg skjult for vaksne. Der det føregår mobbing, har krenkande åtferd fått utvikle seg over tid.

Hovudprinsippet i arbeid med krenkande åtferd og mobbing er å avdekke og stoppe krenkande åtferd tidleg, slik at den ikkje utviklar seg til mobbing. Alle elevgrupper kan bli tilnærma fri for mobbing og krenkande åtferd. Det handlar eine og åleine om kva vi vaksne gjer og kva vi ikkje gjer.

Kartlegging, observasjon, reglar og handlekraft

Systemarbeid  ligg i botnen. Arbeidet mot mobbing med gode system og god struktur, vert gjennomført der vaksne er i posisjon inn mot elevane, og har høve og vilje til å følgje opp.

"Elevar som veit at

  • vaksne kartlegg krenkande åtferd aktivt og vedvarende
  • vaksne vil få vite om det meste av krenkande åtferd
  • vaksne vil handle for å stoppe dette og førebygge slik at det ikkje vil gjenta seg,

vil ha ein langt høgare terskel for å krenke medelevar, enn elevar som er vane med  å kunne krenke både i det skjulte og i det opne, og likevel har erfaring med å kunne gå fri og samtidig ha eit handlingsrom til  framleis å kunne krenke."

Krenkande åtferd som ikkje vert fanga opp under observasjon og kartlegging,  kan fangast opp gjennom godt systemarbeid på klassenivå, der klassen har jamne klassemøte med tema. Det verkar førebyggjande, og elevane får opparbeidd gode haldningar som dei tek med seg vidare i skulekvardagen.

Tydelege føringar i klassemøte
Alle elevar er informerte om forventningar,reglar og standardar for kva som er forventa for å sikre at alle skal kjenna seg trygge. Huvudregelen må alltid vere at "ingen, under noko omstende, har rett til å gjere krenkande og negative ting mot andre". Det er handlingar som er uakseptable. Vel ein elev å "ta igjen", eller gjere noko negativt mot andre, så vil eleven bli lytta til, men også stilt til ansvar for det han gjer og seier.
Regelen må alltid vere at elevar som opplever negative ting må informere ein vaksen , enten på skulen eller heime. Deretter vert  det sjølvsagt ei ei vaksenoppgåve å få slutt på mobbinga.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS