A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

MARKNAD

 

Me hadde årets haustmarknad ved oppvekstsenteret tysdag 10. nov. Denne dagen startar elevane ved skulen kl. 13.30. Då er det klargjering og siste finpuss før sjølve marknaden begynner kl. 16.30. Alle kler seg gamaldags, og det har vorte ein fin tradisjon. Både vaksne og ungar/elevar ved oppvekstsenteret tykkjer dette er ein lærerik og koseleg dag. Det er travelt i forkant. Barnehagen øver sangar og bakar kringler, og elevane lagar salsprodukt i mat og helse og kunst og handverk som skal seljast. Me bruker naturen mest mogleg i desse produkta. I år brukte me eple, blåbær, naturmateriale som greiner/kvistar, mose og kongler. Naturmaterialet vart brukt til tørka epleskiver, blåbærsaft, naturkransar og draumefangarar.

Elevane lagar plakatar og heng opp i bygda både på Ornes og i Solvorn, slik at alle har høve til å ta seg ein tur for å kjøpa seg middag og handla fine sjølvlaga produkt. I god tid før marknaden samlar me inn gevinstar som skal vera til lykkehjulet og loddsalet. Vaktmeistar og reinhaldar, Jermund, har ansvar for lykkehjulet, og han har kø frå han startar snurringa til kvelden er slutt. Elles er det lokale næringslivet flinke til å stilla med gevinstar til oss. Me får fleire gåvekort og gevinstar som me loddar ut. 

Elevane i 7. kl. ønskte velkomen, og etter det var det program av ungane i barnehagen, elevane i skulen, og til slutt eit innslag frå SFO. Barnehagen hadde øvd inn songar som dei framførde på ein framifrå måte, høgt og tydeleg. Nokon av elevane hadde øvd engelske regler, nokon las dikt, og nokon hadde laga dansar som dei synte fram, og dei fortalde først kvifor dei valde akkurat den sangen å dansa etter. Det var sal av betasuppe med flatbrød og saft. Mat og helse hadde ansvar for det saman med lærar Tordis, og dei fekk gode tilbakemeldingar på resultatet. Som seg hør og bør var det kaffi og kaker etter maten. Foreldre/føresette hadde med mange gode kaker som ein kunne kjøpa og nyta til kaffien.

5.-7. trinn er med på eit opplegg om dialekt i kommunen, "Lyden av Luster", eit opplegg som går over to veker. Ute i gangen sette me opp ei tavle, og alle vart oppmoda om å skriva ned ord og uttrykk på dialekt. Ein del nytta høvet til å skriva ned ord dei bruker eller kjenner til. Fleire var i alle fall einige i at det er synd mange av desse orda blir vekke. Så då har me ei viktig oppgåve i å ta vare på desse orda, og mange av dei er artige. Når folk tenkjer etter og skal hugsa spesielle dialektord, er det mange av desse orda som gir gode minner tilbake i tid, og det kjem opp gode historiar.

Me er svært fornøgde med arrangementet, god stemning og ikkje minst: Det vart eit overskot på 10 500 kr, som går til NinaChildrenHome. Det er 8. gongen me sender ei fin julegåve til barneheimen i Kenya:)

 

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS