A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Dialektspelet

Kva er det finaste dialektordet i Luster?

I Luster er det mange vakre dialektord og uttrykk, men kva ord eller uttrykk på dialekt er aller finast? Elevar på mellomsteget ved skulane i Luster har no føreslege 35 ulike ord eller uttrykk. Alle som vil kan no vera med og stemma. Frist er fredag 20. november kl. 17.00 

 

Stem her:

http://docs.google.com/forms/d/1eSoa0xtWCHYtDtWBhTLuszzyIWEbnk6yDeO2PdIupBk/viewform?c=0&w=1

(Du får sjå alle orda ved å trykkja på «rullegardina». Trykk på ordet du likar best og «Submit».)

 

Lyden av Luster

Kåringa av det finaste dialektordet eller uttrykket i Luster er siste del av det kombinerte språk- og IKT-prosjektet som mange elevar på 7. trinn (og 5. og 6. trinn på oppvekstsentra) arbeidt med dei to siste vekene. I dette prosjektet har elevane forska på talemåla i Luster. Til dømes har dei undersøkt korleis talemålet til unge og eldre i Luster er ulikt, kva lydar og ord i dialekten som færre brukar og om gutar pratar breiare enn jenter. Læringsmåla er henta frå norsk og samfunnsfag og digitale verktøy som grunnleggande kompetanse.

Høyr om dette skuleprosjektet på Radio Luster;

Sendinga fredag 6. november:

Jostedal skule

Gaupne skule

Marit og Lars Elvekrok

Ingeborg og Gunnar Steig

Knut Åge Teigen

Premie Dialektspelet

Alle klassane som deltok i prosjektet har vore med i trekninga av Dialektspeleteit interaktivt spel om norske dialektar. Faktisk var dette det aller siste eksemplaret som Aasentunet i Hovdebygda hadde til sals. Trekninga blei gjort i Radio Luster fredag 13. november, og me gratulerer 7. trinn ved Hafslo barne- og ungdomsskule som ny eigar av dette no eksklusive spelet.

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS