A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Koronasituasjonen og fråvær på ungdomsskulen

Ved nyoppståtte, milde luftvegssymptom skal elevane ikkje møta på skulen. Dei skal halda seg heime til allmenntilstanden er god. Føresette vert oppmoda om å ta kontakt med skulen dersom eleven er så frisk at han/ho kan arbeida heime.

Eleven kan koma attende til skulen når han/ho kjenner seg frisk og feberfri, sjølv om eleven fortsatt har nokon symptom på luftvegsinfeksjon (noko snørr, tett nase og lett hoste). Er ein usikker om eleven kan gå på skulen, kan heimen kontakta fastlege eller helsestasjon.

Elevar med luftvegssymptom bør følgja Folkehelseinstituttets tilrådingar for testing. Per september 2020 betyr det at alle elevar i ungdomsskule som har luftvegsymptom utan kjent årsak, bør testast og halda seg heime til dei har fått svar. Ved negativ test kan eleven koma attende til skulen når allmenntilstanden er god, sjølv om dei framleis har nokon symptom på luftvegsinfeksjon (noko snørr, tett nase og lett hoste).

Når det gjeld dokumentasjon av fråvær, så har Kunnskapsdepartementet bestemt at elevar fram til og med oktober 2020 slepp å gå til fastlegen for å få dokumentert fråvær på grunn av helsegrunnar. Fråvær av helsegrunnar omfattar mellom anna sjukdom, karantene eller isolasjon samt milde luftvegssymptom og sjukdomskjensle. Foreldre må stadfesta fråværet til eleven, t.d. gjennom melding til skulen i Visma.

Ved stadfesta fråvær i perioden t.o.m. oktober 2020 skal fråværet ikkje førast fråvær på vitnemålet. Kunnskapsdepartementet vil avgjera om dette unnataket for fråværsføring eventuelt skal vidareførast etter 31.10.20

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS