A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Klage på vurdering - gjeld elevar med avgangsfag.

   
 
Klage på standpunktkarakterar er heimla i Opplæringslova i kapittel 5. Nedanfor finn du utdrag frå det aktuelle kapitlet. Ber om at føresette gjer seg kjende med prosedyrar ved klage.
Kapittel 5. Klage på vurdering
       (Opplæringslova § 2-3 tredje ledd, § 3-4 første ledd, § 4A-4 femte ledd)
 
§ 5-1. Kva det kan klagast på

       Det kan klagast på standpunktkarakterar, eksamenskarakterar, karakterar til fag-/sveineprøver og kompetanseprøve, og realkompetansevurdering. Det kan også klagast på vedtak om ikkje å setje standpunktkarakter.

0
Endra ved forskrift 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009).
 
§ 5-2. Kven som kan klage

       Elevar, lærlingar, lærekandidatar, privatistar og praksiskandidatar eller dei som desse gir skriftleg fullmakt, har klagerett. Foreldra eller dei føresette til umyndige elevar, lærlingar, lærekandidatar, privatistar og praksiskandidatar har sjølvstendig klagerett. Dersom eleven, lærlingen, lærekandidaten, privatisten eller praksiskandidaten er under 15 år, kan dei ikkje klage utan skriftleg samtykke frå foreldra eller dei føresette. Sjå også § 5-15 om klage på realkompetansevurdering.

 
§ 5-3. Avgjerd i klagesaka

       Behandling av klage på karakter eller realkompetansevurdering kan føre til at karakteren eller realkompetansevurderinga blir ståande, eller til at denne blir endra til gunst eller ugunst for klagaren. Avgjerda skal grunngivast. Avgjerda er endeleg og kan ikkje klagast på.

       Fører klagebehandlinga til endring av vitnemålet eller kompetansebeviset, skal det skrivast eit nytt, og tidlegare vitnemål/kompetansebevis skal leverast tilbake.

       Behandling av klage på fag-//sveineprøve kan føre til at karakteren blir endra frå ikkje bestått til bestått.
 
§ 5-4. Saksgangen ved klage

       Dei som har klagerett etter § 5-2, skal få opplysningar om høvet til å klage, klagefristen og om kva klagen skal innehalde, i medhald av denne forskrifta og lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova) § 29, § 30, § 31 og § 32. Dei som har klagerett, skal også få informasjon om at dei har rett til å få retningslinjene som sensorane har fått, og grunngiving etter § 5-7.

       Klagen skal sendast til den skolen der klagaren er elev. Privatistar sender klagen til den skolen der eksamen er halden. Klage som gjeld fag- og sveineprøve og kompetanseprøve, skal sendast til fylkeskommunen der prøva er halden.

       Når det gjeld klagar i samband med sentralt gitt eksamen med sentral sensur i grunnskolen og vidaregåande opplæring, skal skolen sende klagen saman med prøvesvaret til Fylkesmannen, jf. § 5-9. Ved klage i fag der det blir vurdert fleire svar, skal alle elevsvara leggjast ved.

       Klage på realkompetansevurdering skal sendast til den instansen som har vurdert realkompetansen, sjå elles § 5-15.
0
Endra ved forskrift 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 5 mars 2008).
 
§ 5-5. Klagefristar
       Fristen for å klage på vedtak som gjeld eksamenskarakterar og standpunktkarakterar, er 10 dagar.

       Fristen for å klage på vedtak om vurdering av den praktiske delen av fag-/sveineprøva og realkompetansevurdering er 3 veker.

       Fristen skal reknast frå tidspunktet når meldinga om vedtaket er komen fram til den som har klagerett, eller når den som har klagerett, burde ha gjort seg kjend med vedtaket. Fristen blir avbroten når den som har klagerett, ber om grunngiving for vedtaket. Ny frist gjeld frå det tidspunkt klagaren har fått grunngivinga.

 
§ 5-6. Formkrav

       Klagen må fremjast skriftleg, og underskrivast av klagaren eller eventuelt av ein med fullmakt. Klagen skal nemne det vedtaket som det blir klaga på, og dersom det er nødvendig, gi opplysningar som gjer det mogleg å avgjere spørsmål om klagerett og om klagefristen er halden. Klagen bør innehalde årsaka til klagen, bortsett frå klagar etter § 5-9.

 
§ 5-7. Rett til grunngiving

       Den som har klagerett, jf. § 5-2, kan innanfor klagefristen krevje grunngiving for karakterar i fag der det blir halde munnleg eksamen, fastsett standpunktkarakterar, karakter for praktisk eksamen eller standpunktkarakter i orden og i åtferd. Grunngivinga skal givast av sensor eller ein lærar som har vore med og fastsett karakteren.

       Dersom ein elev ikkje får standpunktkarakter eller får ikkje bestått som standpunktkarakter, kan det krevjast grunngiving for det.

       Den som har klagerett, kan ikkje krevje grunngiving for karakterar til skriftleg eksamen.
 
§ 5-8. Rett til å gjere seg kjend med sitt eige svar og eventuelle retningslinjer for sensorar ved skriftleg eksamen

       Eleven, privatisten og lærlingen har etter at karakteren ved skriftleg eksamen er fastsett, rett til å gjere seg kjend med sitt eige svar. På oppmoding skal han eller ho få kopi av svaret. Eleven, privatisten og lærlingen kan også krevje å få lagt fram eventuelle retningslinjer som sensorane har fått til hjelp ved sensureringa.

 
§ 5-9. Klage på karakter til skriftleg eksamen. Klageinstans og klagebehandling. Oppbevaring av eksamenssvar ved skriftleg eksamen

       Klageinstansen for vurdering av skriftleg eksamen i grunnskolen er ei klagenemnd på 3 medlemmer. Fylkesmannen i kvart fylke nemner opp klagenemnda.

       Klageinstansen for vurdering av skriftleg sentralt gitt eksamen med sentral sensur i vidaregåande opplæring er ei klagenemnd oppnemnd av Fylkesmannen. Klageinstansen for vurdering av skriftleg lokalt gitt eksamen i vidaregåande opplæring er ei klagenemnd oppnemnd av fylkeskommunen etter retningslinjer frå Fylkesmannen.

       Medlemmene av ei klagenemnd må ikkje ha vore med i førstegongsbedømminga og bør så langt det lèt seg gjere, ikkje vere frå same skolen som klagaren. Når det er felles sensur for fleire grunnskolar, skal medlemmene så langt råd er ikkje vere frå same skolen som klagaren.

       Klagenemnda skal gjerast kjend med den karakteren prøvesvaret fekk ved den ordinære sensuren. Nemnda skal elles ikkje få andre opplysningar enn svaret og dei opplysningane som kan leggjast ved svaret ved eksamen. Nemnda skal ikkje gjerast kjend med eventuell grunngiving for klagen.

       Når det gjeld klage på karakter til skriftleg eksamen, prøver nemnda alle sider ved karakterfastsetjinga. Finn nemnda at karakteren er urimeleg i forhold til eksamensprestasjonen, set ein ny karakter.

 
§ 5-10. Klage på karakter ved munnleg eksamen. Klageinstans og klagebehandling

       Ved munnleg eksamen kan det berre klagast på formelle feil som kan ha noko å seie for resultatet. Ved klage på munnleg eksamen hentar rektor inn fråsegn frå sensor og eksaminator og sender desse fråsegnene og klagen saman med si eiga fråsegn til Fylkesmannen når det gjeld klagar i grunnskolen, og til fylkestinget eller den fylkestinget gir mynde som klageinstans, når det gjeld klagar i vidaregåande opplæring. Kopi av fråsegnene skal sendast til klagaren.

       Dersom klagaren får medhald i klagen ved munnleg eksamen, skal karakteren annullerast, og klagaren har rett til å gå opp til ny eksamen. Dersom klagaren vel å gå opp til ny munnleg eksamen, skal prøvesvaret bedømmast av ein ny sensor.

       Gjeld klagen prøve i trekkfag, skal det trekkjast fag på ny. Eleven skal få melding om faget med same frist som ved ordinær prøve.

 
§ 5-11. Klage på eksamensresultat ved andre, ikkje-skriftlege eksamenar i vidaregåande opplæring

       Ved andre ikkje-skriftlege eksamenar enn munnleg eksamen, der det ikkje ligg føre dokumentasjon som kan vurderast av ei klagenemnd, kan det berre klagast på formelle feil som kan ha noko å seie for resultatet. I slike tilfelle skal ein følgje same prosedyren som for munnleg eksamen, jf. § 5-10.

       Dersom ein slik eksamen resulterer i dokumentasjon som kan vurderast fagleg av ei klagenemnd, skal ein følgje same prosedyren som for skriftleg eksamen, jf. § 5-9.

 
§ 5-12. Klage på standpunktkarakter. Klageinstans og klagebehandling

       Ved klage på standpunktkarakter eller vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter kan klageinstansen berre vurdere om gjeldande føresegner om karakterfastsetjing er følgde. Med klagen skal det følgje fråsegn frå faglæraren om korleis karakteren er fastsett, eller kvifor det ikkje er sett karakter, og fråsegn frå rektor om saksbehandlinga ved skolen. Klagaren skal få kopi av fråsegna.

       Klageinstansen i grunnskolen er Fylkesmannen i kvart fylke. Klageinstansen i vidaregåande opplæring er fylkestinget eller den fylkestinget gir mynde.

       Dersom klagen blir funnen rettkomen, må klageinstansen presisere kva for reglar ein meiner er brotne eller det kan reisast tvil om er brotne, og sende saka tilbake til skolen. Klageinstansen skal informere klagaren om resultatet av klagebehandlinga. Rektor og faglæraren gjennomfører ny vurdering. Rektor set endeleg karakter. Den nye avgjerda kan det ikkje klagast på.

       Finn klageinstansen at klagaren ikkje kan få medhald, er avgjerda endeleg.
 
§ 5-13. Klage på karakter i orden og i åtferd. Klageinstans og klagebehandling

       Ved klage på karakter i orden og i åtferd skal kontaktlæraren til eleven og rektor gi fråsegn som saman med klagen skal sendast til klageinstansen. Fråsegna skal gjere greie for kva for karakterar i orden og i åtferd som har vore gitt tidlegare, kva for tiltak skolen har sett i verk for å rette på forholda, og ei fyldig grunngiving for karakteren. Kopiar av ordensreglementet for skolen, utskrift av protokollen som viser korleis skolen har behandla saka m.m., skal leggjast ved fråsegna. Ved klage i grunnskolen skal det også gjerast greie for om heimen har vore varsla om at karakteren kunne bli sett ned, og eventuell annan korrespondanse med foreldra eller dei føresette. Klagaren skal ha kopi av fråsegna.

       Klageinstansen i grunnskolen er Fylkesmannen i kvart fylke. Klageinstansen i vidaregåande opplæring er fylkestinget eller den fylkestinget gir mynde.

       Klageinstansen avgjer om klagen skal føre til at karakteren blir endra til gunst eller ugunst for klagaren.
 
 
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS