A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
tur 2

Kjekke og lærerike dagar

Det nærma seg sommarferie, men framleis er det mange ting me skal gjera og mykje me skal læra.

Sist veke var 1.-4.klasse på blomstertur. Turen gjekk frå skulen til Joranger. Derfrå gjekk me ned Lad-bakkane til Marifjøra, og her hadde me matpause. Så gjekk turen om Sviggaplassane og opp att på skulen.

Tysdag reiste 7.klasse på skuletur til Bergen, og her vitja dei både akvariet og VilVite.

På onsdag var det tid for den første av tre førskuledagar, og denne dagen var dei nye elevane saman med fadderane sine. 

Torsdag kveld var både elevar og føresette samla til sosialkveld på skulen. Sidan me ikkje fekk grille så vart det kaffi, kaker og saft i staden for. Etterpå var det tid for ulike aktivitetar som kubb, landhokky og spel. Nokre laga også fruktspyd, og desse kosa me oss med før me gjekk heim for kvelden. 

Vil de sjå bilete frå denne veka så kan de sjå under bileta til 2.klasse.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS